Lokal | 29. okt. 2018

Vil bygga ny pendlarparkering her

Naboane er skeptiske.

Etter at arbeidet med legging av nye rør er ferdig, kan det bli asfaltdekke og pendlarparkering ved Myrvollen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. okt. 2018 13:56

Bildeserie:

Naboar meiner krysset allereie har for høg trafikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Pendlarparkering ligg i reguleringsplan frå 1990. (Os kommune, kartios.no)
Førebels er det legging av nye leidningar i området. (Foto: KVB)
Naboar meiner krysset allereie har for høg trafikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Pendlarparkering ligg i reguleringsplan frå 1990. (Os kommune, kartios.no)
1 av 3
Pendlarparkering ligg i reguleringsplan frå 1990. (Os kommune, kartios.no)
Førebels er det legging av nye leidningar i området. (Foto: KVB)
Naboar meiner krysset allereie har for høg trafikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Langfredag i 2014 blei lang og våt for teknisk eining i Os kommune, etter eit stort vassleidningsbrot langs Byvegen. Over fem år skal leidningsnettet frå Ulvenskiftet til Osøyro skiftast, og første halvår i 2017 var gangvegen frå Meny til rundkøyringa ved Amfisenteret stengt grunna skifte av rør.

I haust kom arbeidet med neste stykke i gang, frå rundkøyringa ved Amfi og Prestegardsskogen, og vidare mot Osøyro.

I samband med dette arbeidet har Os kommune blåst støv av ein 28 år gamal reguleringsplan.

Kan bygga pendlarparkering i same slengen

Når graving og legging av nye V/A er lagt kan Os kommune dekka til delar av stykket med asfalt, og få inntil 35 nye parkeringsplassar for pendlarar.

Ein reguleringplan frå 1990 opnar nemleg for dette.

I eit møte med naboane 8. oktober blei dei informerte om arbeidet som pågår med legging av nye vassleidningar forbi Myrvollen og krysset mellom Byvegen og Idrettsvegen.

Då nemnte kommunen òg at det kan bli aktuelt å etablera ein parkeringsplass der etterpå.

– Høg risiko

Midtsiden har snakka med to av naboane til området der pendlarparkeringa kan bli bygd. Dei seier nabolaget reagerte ganske samstemt, krysset har for høg trafikk og for mange mjuke trafikantar til at kommunen skal auka denne trafikken med pendlarparkering.

– I tillegg til gymnas, barneskule og barnehage, har vi høg trafikk til Osbadet, Oshallen og idrettsanlegget. Med Borgen sine betongbilar er det òg mykje tungtrafikk, og neste år opnar ny Kiwi-butikk i Idrettsvegen.

– Samtidig er dette den kanskje mest trafikerte gangvegen i Os, med fotgjengarar frå fleire bustadområde, og til og frå Amfisenteret, på ein gang- og sykkelveg som innbyggarane i gata bruker som bilveg.

Naboane har sendt brev til plan- og bygningsutvalet, og informert SU i Os barnehage om saka. Dei vil òg gå i dialog med skulane og idrettslaga.

– Sjølv om området er regulert til pendlarparkering, synest vi at Os kommune bør finna ein annan plass. Å jobba aktivt for å auka trafikken i dette vanskelege krysset synest vi er uansvarleg.

Har ikkje starta prosessen

Kommunalsjef Aina Tjosås held i skrivande stund på å formulera eit brev som svar til naboane, på oppdrag av PBU.

– Arbeidet som pågår på staden no, har med legging av ny vassleidning å gjera. Vi har førebels ikkje starta nokon prosess på pendlarparkeringa, når den tid kjem så går den ut som ei byggesak med nabovarslar og det som høyrer med, understreker Tjosås.

– Årsaka til at naboane blei informerte er at vi ser at det her kan vera mogleg å bygga ein pendlarparkeringsplass, og at vi derfor har bedd om ein opsjon på dette mens det er arbeid i området. Dette skjedde fort, og naboane blei orienterte om det.

Fylkeskommunen ønskjer at Os kommune skal etablera fleire pendlarplassar, for å auka bruken av kollektivtrafikk hos pendlarar. I dag leiger fylket rundt 50 plassar hos Rema 1000.

– Rema skal i gang med noko anleggsarbeid på tomta, men vi har fått ei ordning, sjølv om nokre av pendlarplassane blir flytta litt på i ein periode, seier Arve Aasland i Hordaland fylkeskommune.

– Men vi har framleis eit ståande ønskje om at Os kommune etablerer fleire pendlarplassar.

Morgon og ettermiddag

Os kommune si utfordring er at pendlarplassane må koma langs ruta mellom Os og Bergen, også etter at E39 Svegatjørn-Rådal opnar.

– Vi har få areal å ta av mellom Os sentrum og Svegatjørn, seier Tjosås.

Kommunen eig sjølv området nord for krysset mellom Byvegen og Sveo, ved Rema 1000 Kuven stasjon, men dette terrenget er av fleire årsaker krevjande.

– Derfor vil vi no sjå om om vi kan få nokre plassar her som vi likevel har arbeid. Eg er samd med naboane om at kundeparkering i dette området, som det tidlegare har vore søkt om, ikkje er ein god idé. Men pendlarparkering er noko anna.

– Pendlarar kjem stort sett rundt klokka 7 om morgonen, når trafikken er låg og i god tid før ungane byrjar å gå til skulen. Bilane står i ro heile dagen, og blir henta etter at dei fleste har kome seg heim frå skule og jobb.

Dette er ikkje naboane heilt einige i.

– Ettermiddagane er travle, med mange ungar som skal til Kuventræ på trening og bading. Mange av fotgjengarane er ungar som gjerne er gamle nok til å gå sjølv, men som ikkje er modne nok til å forholda seg til alt som er av annan trafikk i dette krysset, seier Tarjei Engesæth.

– Vi har heller ikkje tru på at ei eventuell etablering av pendlarparkering her, sjølv om det berre er 35 plassar, bli midlertidig. Om kommunen bygger nytt og større ein annan plass, vil nok dette bli parkeringsplass også i framtida, om den først blir bygd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.