Kultur | 15. mai 2012

Opnar med konsert og marsj

Fredag opnar Lysøen etter vinteren med konsert laurdag og turmarsj sundag. I år kan du koma med eigen båt.

Opnar med konsert og marsj
Museet Lysøen opnar fredag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 15. mai 2012 07:13

I førre veke innvia Lysøens vener, godt hjulpen av sponsor Christian Rieber og ordførar Terje Søviknes, den nye gjestekaien på Lysøya. No er det klart for sesongopning med konsert og den tradisjonsrike Lysøen Rundt.

- Det er utruleg kjekt å sjå kor mange som er med på turmarsjen kvart år.

- Rekorden er 930 deltakarar, men ærleg talt håpar eg nesten på at det ikkje kjem meir enn 5-600 slik at vi ikkje får for lange køar til båten, seier dagleg leiar ved Museet Lysøen Berit Høgheim.

Båt i skytteltrafikk

Lysøen rundt arrangerast i år for 19. gongen, men for første gang med Lysøens vener i arrangørstaben saman med Lysekloster idrettslag og Museet Lysøen.

- Folk kan starta mellom klokka 9 og 15. Båten kjem til å gå i skytteltrafikk mellom øya og Buena kai, fortel Høgheim.

Har du eigen båt, kan du jo òg nytta den nye flytebrygga litt nord om gamletunet.

Lysøen improvisasjonar

Før turmarsjen tek til sundag kan du ta turen for å få med deg årets første konsert i den ærverdige villaen.

- Nils Økland, Sigbjørn Apeland og Mari Lyssand får æra av å opne sesongen med ein konsert i grenselandet mellom norsk folkemusikk, improvisasjon og moderne musikk.

- Dei tre har alle eit nært forhold til Ole Bull og Lysøen og har sidan 2010 turnert Hordaland for fylkeskonsertane med eit Ole Bull-program, fortel Høgheim.

Tre Lysøen og Ole Bull-entusiastar

Nils Økland er ein allsidig komponist, fiolinist og hardingfelespelar. Han er oppteken av Ole Bull sin spelestil, og er spesielt interessert i Ole Bull sitt forhold til folkemusikk og improvisasjon.

Trøorgelspelar og pianist Sigbjørn Apeland har bakgrunn frå klassisk musikk, men arbeider like mykje med folkemusikk og improvisasjon. Han arbeider til dagleg som organist i Sandvikskirken i Bergen.

Både Økland og Apeland har vore musikalske leiarar ved Ole Bull Akademiet på Voss. I 2010 spelte dei inn plata ”Lysøen – hommage à Ole Bull” i Ole Bull sin villa, den første plateinnspelinga nokonsinne i villaen.

Mari Lyssand har vore Ole Bull-entusiast siden ho byrja som omvisar på Museet Lysøen i 1989. Ved sidan av arbeid som journalist og oversetter er ho ofte konferansier ved konsertar på Lysøen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.