Kultur | 02. okt. 2010

Tok Ole Bull «heim»

Ole Bull kom «heim» gjennom ord og tonar på Os Eldresenter fredag. Sjå video.

Tok Ole Bull «heim»
Andris Hamrelørdag 02. okt. 2010 07:01

Den internasjonale eldredagen har vore markert på Os eldresenter kvart år sidan 2001. I samband med Ole Bull-jubileumet blei det i år markert med ein konsert og historieforteljing.

Sjå video frå forestillinga i botn av artikkelen.

- Vi lurte på om vi skulle flytte arrangementet til Lysøyo, men tok ikkje sjansen på vêret, fortalte leiar i eldrerådet Jorun Klausen då ho introduserte underhaldninga.

Gjennom den kulturelle spaserstokken hadde eldrerådet saman med pensjonistforeninga og LHL fått til Mari Lyssand (historieforteljar), Nils Økland (fiolin/hardingferie) og Sigbjørn Apeland (piano) til å koma til festmøte med si framsyning om og med materiell frå Ole Bull.

Gode historiar og vakker musikk
Dei tre kan si Ole Bull historie. Mari Lyssand har vore Ole Bull entiusiast sidan ho byrja som omvisar på Museet Lysøen i 1989. Med anekdotar og historiar bandt ho dei musikalske innslaga saman på ein morosam og interressant måte.

Som Ole Bull kan òg Nils Økland og Sigbjørn Apeland improvisasjonens kunst. Gjennom kjende og ukjende verk frå Ole Bull, mellomanna fekk dei omlag 70 frammøte oppleve både eit seterbesøk og mannjevningen.

- Dette er noko av det beste eg har opplevd, avslutta leiar i Os pensjonistforening Johannes Thaulen konserten med.

Framsyninga vil òg bli satt opp for beboarande på Lurane i sluten av november.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.