Sport | 16. apr. 2017

Opnar ny bane onsdag

Også på Søre Neset er det jenter som skal spela først på ny bane.

Onsdag opnar den nye banen på Søre Neset (foto: kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. apr. 2017 07:14

Som Nore Neset har Søre Neset idrettslag samla folk til dugnad i påsken.

– Det gjekk unna og vi fekk lagt både sand og granulat på kunsgraset før påskeaftan, seier Bjarte Aarvik frå Søre Neset.

Han er imponert over at så mange stilte opp for å få 7-arbanen og sandvolleyballbanen klare.

– Fredag var ein dag med strålande vêr, likevel var det mange som brukte dagen på dugnad.

Langfredag blei ei lang fredag, dugnadsgjengen heldt fram til klokka 22 om kvelden.

Opnar onsdag

Tysdag er neste fellesdugnad, onsdag ettermiddag er det offisiell opning.

Søre Neset J11 skal spela første kamp på nyebanen. Kampen går mot Nore Neset.

• Les òg: Bygger ny bane - på heimebane

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.