Næringsliv | 15. apr. 2010

- Oppløftande start

Os Sjøfront går no ut med salgstala frå første tildelingsmøte.

- Oppløftande start
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. apr. 2010 13:41

Onsdag kveld hadde Storbergen Boligbyggelag første tildelingsmøte for husværa i Os Sjøfront. Det blir i starten selt husvære i to av dei fire blokkene i første byggetrinn, 18 i H-blokka og 23 i I-blokka.

Les òg:
Dei første kjøparane

- Vi selte 12 husvære i går, noko som utgjer ein samla omsetnad på 46 millionar kroner, opplyser administrerande direktør i Storbergen Boligbyggelag, Anne Gine Hestetun til Midtsiden.no.

To over 6 millionar
H-blokka (som ligg nærmast Oseana) har fire husvære i kvar av dei fire lågaste etasjane, og to i femte etasje. I-blokka har fem i kvar etasje, bortsett frå toppetasjen, som har tre husvære.

Prisane for toppleilegheitane ligg frå 5 til 8,9 millionar kroner.

- Vi selte ingen av dei aller dyraste, men det gjekk unna to i fjerde etasje i H-blokka, husvære med prisar på 6,3 og 6,7 millionar kroner, opplyser Hestetun

- Men interessa er stor også for toppetasjen, men det var ein del som sa at dei ville ha litt meir tid å førebu seg på.

Fritt fram
Os Sjøfront er nøgd med starten og fortel om stor interesse også for husværa som ikkje blei selt i går.

- Nokre fekk ikkje første- eller andrevalet sitt, og ville heim og tenka over kva dei no skulle gå for. Andre trengte rett og slett berre meir tid.

Direktøren trur også at tildelingsmøtet, som er ganske hektisk, kan ha blitt litt intenst for enkelte.

- På slike møte går det fort, og for folk som ikkje har vore med på tildelingsmøte før kan det ha verka som litt stressande.

- No har dei med forkjøpsrett fått sitt, så frå no av er det fritt fram og førstemann som slår til som får det dei vil ha. Til fast pris, legg ho til.

Os Sjøfront har som mål å selja rundt 40 husvære innan august, noko som vil vera nok til byggestart august-september og innflytting i juni 2012.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.