Meining | 17. okt. 2022

Opprop (nødrop)

Frå daglegvarebutikkar i utkant-Norge.

Opprop (nødrop)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. okt. 2022 12:14

«…ta heile Norge i bruk!» er eit mål og slagord som Regjeringa og truleg heile Stortinget meiner er ein god visjon. Ein viktig føresetnad for å realisera og utvikla dette målet, er at det må finnast levedyktige samfunn der ute. «-Det må bu folk i husan…» som Kari Bremnes syng så vakkert om.

Når husa står tomme og folk har måtta flytta til sentrale strøk, så er det ikkje noko meir å ta i bruk. Det blir tvert imot avfolka og gjengrodd. Og no er me farleg nær eit slikt scenario!

Under pandemien var daglegvarebutikkane definert som samfunnskritiske.

Dei fungerte som eit viktig ledd for å avgrensa smittespreiinga ved bl.a å tilby heimkjøring av daglegvarer, og redusera reisinga. Dei var, og er, limet i bygdene og er den viktigaste faktoren når det gjeld bulyst og utvikling. Butikken er det lokale turistkontoret, den viktigaste sosiale møteplassen, og den sentrale service-ytaren på ei rekkje områder. Utan daglegvarebutikken stoppar bygde-Norge!

Og no står ei rekkje av oss småbutikkar på terskelen til å måtta stengja dørene for godt, eller rett og slett gå konkurs!

Alt på grunn av uhandterlege straumrekningar. Elektrisk straum, som bortsett frå maten er den viktigaste basisvara me har, og som me alle er så inderleg avhengig av! Det er ikkje til å tru ...

Den typiske nærbutikk er basert på nøkternheit tvers gjennom.

Lønnsnivået er lågt, arbeidsdagane lange, marginane er små. Men serviceinnstillinga er på topp! Alltid! Dei fastbuande, hyttefolk, båtfolk og turistar set stor pris på alle tenester me yter med glede og entusiasme.

Kva skjer når butikklokala er mørklagde og tomme? Er det verd å la straumprisen rasera dei små perlene i det vakre landet vårt?

Småbutikkane i Sør-Norge får ekstra straumkostnader på fleire hundre tusen kroner i 2022. Nokre kjem inn under den føreslegne støtteordninga til regjeringa, men mange fell utanfor.

Og sjølv med 25 % støtte for pris over kr 0,7 pr kwh er belastninga enorm.

Om ekstrakostnaden er 400.000 eller 300.000 er ikkje avgjerande for om ei lita bedrift er levedyktig eller ikkje, når marginane i eit normal-år ofte svingar rundt null.

Resultatet blir utarming og, etter kvart, nedlegging.

Me har gjort alt som er mogleg for å spara straum. Kjøl- og fryseanlegg som kan unnværast er slått av, innetemperaturen er justert ned så langt det er forsvarleg, mange har investert i LED-belysning, og bemanninga er redusert til eit minimum for å nevna noko.

Men storparten av straumforbruket er det uråd å redusera dersom me skal oppretthalda kravet om TRYGG MAT, eit krav som er ufråvikeleg.

Det finst Enøk-tiltak som kan redusera forbruket ytterlegare, men det dreier seg om svært omfattande investeringar som solcellepanel og/eller utskifting til CO2-anlegg på kjøl/frys.

Med dagens straum-regime vil det vera totalt uansvarleg med slike investeringar når me ikkje anar kva straumkostnaden blir i framtida. Konkursane/ nedleggingane vil tvert imot bli framskunda.

Regjering og storting har moglegheit til å visa at det ikkje berre snakkar om å ta heile Norge i bruk, men også å visa det med praktisk handling.

Kven vil stå fram som ansvarleg for at bygde-Norge vert nedbygd og avfolka på grunn av elektrisk kraft, energikjelda som har vore vår styrke og fortrinn i hundre år?

Vår oppfordring er:
Ta styringa over straumprisen, skap stabilitet og forutsigbarheit, slik at me kan fortsetja å vera grunnlaget for å «ta heile Norge i bruk».

Helsing:

Joker Søfteland
saman med ei lang rekkje butikkar i kjedane Joker, Matkroken, Snarkjøp, Nærbutikken og Coop Marked.

Lista over butikkar som har signert er lang og veksande - og vi har voreløpig ikkje fått tak i oppdatert versjon.

På lista har fleire også markert om situasjonen deira er alvorleg eller kritisk. For Joker Søfteland er situasjonen foreløpig «berre» alvorleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.