Sport | 10. apr. 2017

Opptur og løyperekord i Spania

Dagen før avreise til treningsleir oppdaga ein av deltakarane frå Opptur Motbakkeklubb at det skulle vera fjellmaraton i nabobyen.

Opptur og løyperekord i Spania
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. apr. 2017 07:29

Bildeserie:

Åtte frå reisefølgjet stilte til start i fjellmaratonet i Valencia.
Åtte frå reisefølgjet stilte til start i fjellmaratonet i Valencia.
Andreas Søfteland sprang feil og mista 2. plassen, men ikkje pallplassen.
Andreas Søfteland sprang feil og mista 2. plassen, men ikkje pallplassen.
Klas kom på 2. plass i sin klasse.
Klas kom på 2. plass i sin klasse.
Nokre av jentene gjorde det endå betre.
Nokre av jentene gjorde det endå betre.
Søndag var det treningstur i fjella over Beniarda.
Søndag var det treningstur i fjella over Beniarda.
3,5 timar og 1350 høgdemeter.
3,5 timar og 1350 høgdemeter.
Ein topp i sikte.
Ein topp i sikte.
– I låglandet er det opp mot 23 gradar, i høgda noko kaldare.
– I låglandet er det opp mot 23 gradar, i høgda noko kaldare.
Lønn for strevet - utsikta!
Lønn for strevet - utsikta!
Først reiste ti løparar frå Os ned, så kom to til ned for å trena saman i varmen.
Først reiste ti løparar frå Os ned, så kom to til ned for å trena saman i varmen.
1 av 10
Åtte frå reisefølgjet stilte til start i fjellmaratonet i Valencia.
Andreas Søfteland sprang feil og mista 2. plassen, men ikkje pallplassen.
Klas kom på 2. plass i sin klasse.
Nokre av jentene gjorde det endå betre.
Søndag var det treningstur i fjella over Beniarda.
3,5 timar og 1350 høgdemeter.
Ein topp i sikte.
– I låglandet er det opp mot 23 gradar, i høgda noko kaldare.
Lønn for strevet - utsikta!
Først reiste ti løparar frå Os ned, så kom to til ned for å trena saman i varmen.

Opptur Motbakkeklubb frå Os har vore på fleire turar saman, både for å delta i konkurranse og på reine treningsturar.

– Men dette er første utanlandstur, seier primus motor og vertskap Klas Færøvik.

Han har innlosjert elleve klubbvenar i to av faren sine fleire husvære i Albir, der dei fleste skal vera i ti dagar for trening og sosialt samvær.

– Trudde vi! Dagen før avreise oppdaga Andreas (Søfteland) at det skulle vera eit løp i Valencia, og åtte av oss ti som reiste ned i første pulje meldte oss på.

Bomma på antrekket

Dermed blei det ein flying start på treningsopphaldet.

– Vi sto opp klokka 04.30 for å koma fram ein halvtime før start klokka 08.30. I låglandet har temperaturen vore oppe i 23 gradar, på startstreken, som er 830 moh var det null gradar.

– Der sto vi, nesten utan oppvarming og berre iført shorts og singlet, men det gjekk bra likevel.

Det var tre ulike distansar, 11 km, 21 km og 42 km, med mange høgdemeter i alle og rundt tusen deltakarar alt i alt.

Frå Opptur stilte Andreas Søfteland og Marita Nygård på 21 km, mens Klas, Trond-Ove Wiik, Karin Hilstad, Maria Steien, Torhild Viken og Cecilie Hagen på 11 km.

God stemning og fantastiske resultat

Trass gåsehud før start er deltakarane nøgde med opplegget og opplevinga.

– Det var mykje folk, både deltakarar og publikum, på ei stor slette fylt med utstillarar før start. Det einaste som ikkje var profft var at arrangørane ikkje fekk sendt ut mange nok løypevaktar før start, fortel Klas.

Det påverka nokre av deltakarane sine plasseringar, ikkje minst Søfteland sjølv, som låg som nummer to, men sprang feil kort tid før mål på 21 km og sprang cirka ein kilometer omveg.

– Han kom likevel på 3. plass etter eit strålande løp!

Siger og løyperekord til Marita Nygård

Sjølv kom Klas på andreplass i klassen sin og på femteplass totalt av herrene. Grunna dårleg merking var det enkelte som fekk ein snarveg og Klas blei snytt for pallplass overall.

Trond-Ove Wiik sprang inn på ein sterk 4. plass i sin klasse på 11 km.

– Maria og Torhild hadde gode løp, mens Cecilie og Karin var endå betre, og tok første- og andreplass.

– Best av oss alle var Marita. Ikkje berre vann ho sin klasse, og overall i dameklassen på 21 km, ho sette ny løyperekord då ho knuste førre rekord med over fem minutt!

Held fram med trening og mesterkamp

Då Midtsiden snakka med Klas søndag kveld var dei på veg til ein annan konkurranse, etter 3,5 timar i fjella over Beniarda via Castellet søndag formiddag.

– Eg har planlagt eit opplegg eg har kalla Mesternes Opptur Mester, der vi kvar dag skal ha tre øvingar, som ikkje er realtert til mjølkesyre.

Kva dei tre øvingane søndag kveld gjekk ut på ville han ikkje fortelja, då nokre av treningskameratene var i bilen, og det heile skal vera ei overrasking frå dag til dag.

– Det blir ikkje fleire konkurranseløp på oss på turen, berre trening, kos og desse interne meisterkampane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.