Os fotball junior | 13. aug. 2022

Os 2 slo topplaget Voss

Viste vilje og disiplin i første kamp etter den tunge vårsesongen.

Os 2 slo topplaget Voss
Marius Østgulen Hevrøy skåra to av måla i 4-1-sigeren, og kunne saman men laget sleppa jubelen laus etter kamp. (Foto: Privat/Os Fotball)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. aug. 2022 08:27

Fredag kom Os sitt unge B-lag i gang med haustsesongen i BA-ligaen (4. divisjon.

Os 2 tok imot Voss, som lenge har leia avdelinga og no ligg 3 poeng bak Gneist.

– Vi hadde ikkje ballen mykje i starten, men gutane sto av presset og evna å ta ned ballen å byrja å spela meir langs bakken. Voss-spelarane såg etterkvart frustrerte ut, mens vi fekk stadig betre grep på kampen, seier trenar Stian Kvåle.

Kaspar Klett Døsen gav Os 2 leiinga til pause.

Voss utlikna i andre omgang, men så kom Os 2 med 3 mål på 8 minutt, to av dei ved Marius Østgulen Hevrøy, eitt av Peter Armstrong innimellom.

Os 2 - Voss 4-1 (1-0)
Målskårarar, Os 2: Kaspar Klett Døsen (38.), Marius Østgulen Hevrøy (70.), Peter Øyvind Armstrong (74.) og Marius Østgulen Hevrøy (78.).

Os: Erlend Østgulen Hevrøy - Martin Lund Hunnes, Aksel Fredriksen Lunde, Jonathan Mjånes Lund - Erik Lind Norvik, Vebjørn Fykse Haga, Eirik Rysjedal, Leif-Simen Mjånes - Kaspar Klett Døsen, Benjamin Johansen Engevik og Marius Østgulen Hevrøy.

Innbytarar: Emil Haugland, Egil Thuen, Henrik Skromme Toft og Peter Øyvind Armstrong.

Os 2 stilte, som vanleg ungt, denne gong med snittalder på 18,3 år, ifølgje trenar.

– Etter ein så mager vår, med 1 poeng på 11 kampar, og eit tungt 13-1-tap borte for nettopp Voss, korleis klarte gutane dette?

– For det første hadde vi fleire gde prestasjonar i vår, blant anna mot Osterøy heime og borte mot laget som no leiar serien, Gneist, der vi spelte godt, men fekk ein del stang ut.

– For det andre trur eg dei hadde godt av å spela Norway Cup, som fleire av desse gjorde, dei fleste som førsteårs junior, likevel gjekk turen heilt til kvartfinalen i A-sluttspelet.

Kvåle såg dessutan ei litt anna form for tenning før kamp i går.

– Dei var kamplystne og tente, men det var rett tenning, dei såg ikkje ut til å vera så spente eller nervøse. Og i kampen viste dei enorm arbeidsvilje, skryter trenaren.

Os 2 sin neste kamp går heime mot Fana 2 søndag om ei god veke.

Tabell og terminliste på fotball.no

A-laget til Os startar hausten med heimekamp mot Oppsal i morgon, søndag.

Avspark er klokka 15.

Os ligg på 4. plass, Oppsal på 8. plass før det som er 16. serierunde i Norsk Tipping-ligaen avdeling 1.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.