Kultur | 03. juli 2024

Os Amcar på cruising torsdag

Markerer den amerikanske uavhengigheitsdagen.

Os Amcar på cruising torsdag
Frå cruising 4. juli i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesonsdag 03. juli 2024 09:33

Årets amerikanske uavhengighetsdag er berre timar unna.

Torsdag 4. juli køyrer Os Amcar Club kortesje gjennom Osbygda.

Cruiseturen går på kveldstid, sjå ruta lengre nede.

I fjor var det 57 bilar og éin motorsykkel som deltok i kortesjen.

Det er, i skrivande stund, meldt regn på dagtid, men opphaldsvêr mesteparten av kvelden.

– Vi køyrer oppmøte og start ved BilXtra i Jordmorsvingen. Der blir det loddsal med fine premiar, sponsa av ulike firma, før start, fortel Remy Rafsol, nestleiar i Os Amcar Club.

Ruta blir den same som i fjor, med start i Jordmordsvingen og samling i Os sentrum etterpå.

– Vi håpar vi får bra vêr og ei fin 4. julifeiring saman, og så er det kjekt å køyra forbi plassar der det er publikum. Det skapar stemning!

Gamle E39 rundt med kontrollflaten, gjennom Hjellemarka, tilbake til og forbi Ulvenparken, over Ulven, forbi Nore Neset til Lepsøykrysset, under E39 og gamleveien mot Halhjem, snu på ferjekaien, tilbake mot Os, inn med Moberg og ned til sentrum, inn ved Lundehjørnet og samling i hovudgata (Øyro) - viss det blir plass.

Årets rute

Med cirkaklokkeslett på kor tid kortesjen når ulike stadar.

  • BilXtra Os kl 19.45
  • Tøsdalskrysset kl 19.48
  • Hjellemarka kl 19.52
  • Ulvenparken kl 19.58
  • Hagavik Irgenskrysset kl 20.02
  • Hagavik Hjemmebakeri kl 20.05
  • Lepsøykrysset kl 20.07
  • Hauglandkrysset kl 20.12
  • Halhjem fergekai kl 20.14
  • Lekvenkrysset kl 20.18
  • Moberg kl 20.21
  • Os sentrum kl 20.23

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.