Sport | 26. mai 2009

Os + Bjørnar

Os Turn handball og Bjørnar slår saman tre ungdomslag for å laga slagkraftige lag i riksdekkande turneringar.

Os + Bjørnar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. mai 2009 10:15

Os inngår partnarskap med Bjørnar for jenter på tre årstrinn. Handballjentene til Os som er fødd i 1993, 1991 og 1989 (junior) slår seg saman med tilsvarande årstrinn frå Bjørnar.

- Vi gjer dette for å samla jentene som satsar skikkeleg på handballen, til slagkraftige lag i riksdekkande turneringar, seier formann i handballgruppa til Os Turn, Andris Hamre.

I lokal serie skal dei halda fram med å spela kvar for seg, men i Postenserien (J93), Sparserien (J91) og junior-NM (J89) stiller Os sine beste saman med Bjørnar sine beste på same lag.

Kva skal laget heite?
Handballforbundet har godkjent partnarskapet, men har førebels ikkje gjeve svar på kva namn laga kan ha.

- Det at vi både er prestasjonsklubbar og partnarar gjer at forbundet har fått litt å jobba med, men vi håpar det blir ei løysing.

Laga kjem til å heita anten Os eller Bjørnar. Truleg kjem begge namna til å bli brukt, men på ulike årstrinn, avhengig av kven som har flest spelarar på kvart nivå.

- Vi har rundt 8 aktuelle spelarar på 93 og 91, og 2 frå 89-årgangen, seier Hamre.

Fellestrening med stort trenarapparat
I tillegg spelarressursar kjem trenarressursar, felleslaga kjem til å dra nytte av nye impulsar og fleire trenarar involvert på fellestrening.

- Vi kjem til å ha éi til to fellestreningar i veka, og veksla på kvar vi har treningane. Dette blir nok lærerikt både for jentene og trenarane, trur Andris Hamre.

- Det blir ikkje trongt om plassen med to lag på same trening?

- Nei. Vi kjem til å bli rundt 20 på kvar trening, og det er akkurat passeleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.