Næringsliv | 16. sep. 2014

Os Byggsenter er selt

Bøe og Lepsøy sel alle aksjane i Os Byggsenter AS til Noregs største leverandør av byggevarer, Optimera.

Os Byggsenter er selt
Optimera kjøper Os Byggsenter og skiftar merkenamn frå XL-bygg til Montér (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 16. sep. 2014 06:54

I 2012, etter 13 år som Bygger'n, gjekk Os Byggsenter over til XL Bygg-kjeden.

No blir Os Byggsenter til Montér, men denne gong er det ikkje berre eit kjedebyte, men sal av selskapet.

Seint måndag kveld blei det kjent at Bøe og Lepsøy-konsernet sel Os Byggsenter AS til Optimera.

– Vi har visst at dei var lystne på å komma til Os ganske lenge, men det var først i vår vi starta å snakke saman om eit eventuelt sal, fortel konsernsjef Morten Hansen i Bøe og Lepsøy.

Noregs desidert største

Optimera er den desidert største leverandøren innan sal og distribusjon av byggevarer, trelast og interiør med 140 utsalsstedar, 2000 tilsette og nær 7 milliardar kroner i omsetnad.

– Os kjem til å vera eit fantastisk marknad i lang tid framover. Difor var det viktig for Os Byggsenter AS at den nye eigaren var ein solid industriell aktør, og det er Optimera.

– Vi har ikkje selt bygningsmassen, men skrive ein langsiktig leigekontrakt kor dei går inn som leigetakar av lokala.

Alle tilsette blir

Hansen fortel at alle tilsette ved Os Byggsenter vil halda fram for den nye eigaren.

– Vi har selt aksjane, ikkje innmaten. Dei kontraktene Os Byggsenter har inngått med tilsette blir vidareført.

– Derimot vil det vera eit klart pluss at medarbeidarane inngår i eit større konsern med tilhøyrande moglegheiter for personleg utvikling og karriere, påpeikar Hansen.

Satsar i Bergensområdet

Medan Bøe og Lepsøy vil konsentera seg om entreprenørverksemd, utleige og eigedomsutvikling, vil Optimera satsa innan byggevarebransjen i Bergensområdet. Frå tidlegare driv konsernet byggevarehus i Montér-kjeden på Minde og Askøy.

– Byggevarehandel dreier seg i dag om høg tilgjengelegheit, konkurransedyktige prisar og verdiaukande tenester som bidreg til lønnsomheiten for handverkarar, byggmeistre, bustadprodusentar og andre proff-kundar.

– Med Montér Os styrkar vi tilbodet ytterlegare i regionen og oppnår samstundes viktige stordriftsfordelar, seier administrerande direktø Asbjørn Vennebo i Optimera.

Vaks med 7 mill på 2 år

Os Byggsenter AS blei stifta i 1989 og er eigd av Bøe & Lepsøy AS (70 %), Pondus Holding AS/Dag Eide (15 %) og Lepsøy Eiendom AS/Morten Arvid Hansen (15 %).

Les òg: XL-bygg til Os

Dei blei medlem av XL-Bygg i 2012 og var i Bygger’n-kjeda før dette. Byggevarehuset har vore BlinkHus-forhandlar siden 2012.

Omsetnaden auka frå 54 millionar kroner i 2011 til 61 millionar i 2013, selskapet sysselset 13 årsverk.

Verksemda har sunn drift, ligg nær den nye firefelts E39 som skal byggast mellom Os og Bergen, og har et godt inngrep med proff-marknaden, noko som står sentralt for Optimera.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.