Os debuterte med elitecup
I helga har 160 av dei beste 14-åringane på Vestlandet vore samla til eliteturnering på Kuventræ.
Det var ikkje berre bronsemedaljen som Os Allianse i fjor vann i Sola Elitecup som gav meirsmak, det å samla dei beste laga på éin plass ei heil helg var ei god oppleving, og noko gjengen frå Os ville prøva på.
– Vi fekk leiinga i klubben med på dette og saman med greie foreldre som har stilt opp på dugnad klarte vi både å få med oss mange gode lag, og å arrangera ei vellykka turnering, seier ein av trenarane til Os-alliansen, Kjell Kolskogen.
9 lag med til saman rundt 160 spelarar kjempa i helga mot kvarandre i to puljer laurdag og i sluttspel søndag.
Gode gjestar frå Rogaland
– Klubben har gjort ein kjempejobb, blant anna med å leiga inn linjedommarar til kampane, og vi har fått fine tilbakemeldingar frå laga som har vore med.
Dei som reiste lengst var Vard Haugesund, som overnatta på Kuventræ skule i helga.
– Vard sitt superlag, som vinn «alt» i Rogaland, stilte krav til at dei måtte få motstand viss dei skulle koma. Og dei overnattande gjestane fekk også motstand.
Os spelte 0-0 mot Vard og Vard måtte til ekstraomgangar for å slå Sotra i semifinalen og tapte finalen 0-3 for Bergen sør.
Os vann B-finalen
Osbygda stilte med to lag. Os 2 (Os Allianse gul) spelte 1 kamp uavgjort og tapte 3.
Os 1 (Os Allianse svart), som var i den minste, men tøffaste pulja, hadde 1 siger, 1 uavgjort og 1 tap.
– Vi hadde jo håpt at vi skulle få eitt lag i A-sluttspelet, men samtidig er resultata litt underordna på ei helg som dette.
Os Allianse svart gjekk til B-sluttspel der dei vann semifinalen 4-0 over Austrheim og finalen 2-1 over Team Nordhordland (Harry Moore skåra begge måla til Os).
– 32 spelarar frå heile bygda, frå Søre Neset, Nore Neset, Lysekloster, Søfteland og Os, har vore med og hatt ei flott fotballhelg i pinsen.
Vidare i Adidas Cup
– Neste steg for alliansen, som har trent saman tre dagar i veka i vinter og to dagar i veka etter seriestart, er kamp mot Molde i Adidas Cup.
Os slo Bergen sør i første kamp i sluttspelet i det som blir kalla uoffisielt NM.
Med siger over Molde seinare i juni (dato er ikkje bestem) blir det 1/8-finale.
VIDEO: Her ser du straffeskåringa til Harry Moore i B-finalen. 1-0 til Os Allianse. (Foto: KVB)