Sport | 08. nov. 2018

Os er på trenarjakt

Tim Henrik Sperrevik held ikkje fram som hovudtrenar for A-laget etter opprykket.

Os er på trenarjakt
Tim Henrik Sperrevik er ikkje aktuell som hovudtrenar for A-laget i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. nov. 2018 13:07

I vinter kom den tidlegare trenaren og toppskåraren inn som hjelpetrenar, før andre serierunde måtte han overta som hovudtrenar for Os sitt A-lag.

– Drivkrafta var målet om opprykk. Os Fotball har så mange gode ungdomar, at dei fortener ein arena der dei kan bli lagt merke til. Comeback i 3. divisjon snarast mogleg var eit tydeleg ønskje frå både klubb, spelarar og trenarapparat, seier Tim Henrik.

Han og resten av trenarteamet; Frode Steffensen, Per Hilmar Nybø og Chris Kytiri, lykkast med glans. Opprykket blei sikra tre rundar før siste seriekamp, og sesongen blei runda av med 3-0-siger i KM-finale mot Bergen Nord.

Likevel ser Os Fotball no etter ein ny trenar.

I fulltid med ungdom og A-lag

Sportsleg leiar Jan Frode Skeie seier klubben no vil ha ein hovudtrenar som samtidig blir ein ressurs for spelarar ned i 15-årsalderen.

– Dette vil krevja innsats også på dagtid, og ein stillingsprosent opp mot fulltid. Det har ikkje Tim Henrik ønskje om, men vi har lyst å ha han med i det sportslege apparatet på Kuventræ likevel.

Dialog med aktuell kandidat er i gang. Os Fotball reknar med at avtale kjem på plass innan utgangen av november.

– Tim og resten av trenarteamet løyste oppgåva med opprykket på strålande vis. I tillegg har han etablert gode haldningar og ein fin kultur mellom seniorlaga våre, herrar som dame, og eit spesielt godt samarbeid med Os 2.

Både damelaget og Os 2 rykte òg opp i år.

Sperrevik seier han er opptatt av at det ikkje skal vera lukka celler internt i klubben.

– Vi skal sjå kvarandre, framsnakka kvarandre og ønskja kvarandre alt godt. Ja, vi skal vera profesjonelle, og stilla krav til dei som speler på dei fremste laga, men vi skal samtidig tenkja klubb.

– Å ta A-laget gjennom ein opprykkssesong, men ikkje halda fram som trenar, er det unaturleg?

– Sjølv ønskjer eg ikkje å stå i vegen for Os Fotball sitt ønskje om ei auka stilling ved å forlanga eller forventa noko vidare engasjement. Eg blei på mange måtar slengt inn i dette, først som hjelpetrenar, brått som hovudtrenar. Det har vore ein god og gøy sesong, og det kan godt henda at eg blir med i ei anna, mindre tidkrevjande rolle, om dei får bruk for meg.

Tilbake til «Os-modellen»

Mens spelarar i barneskulealder har FFO, og dei i ungdomsskulealder har eige akademi, har det ikkje vore noko tilleggstilbod for dei eldre ungdomane med ekstra treningsvilje.

– Det er dette vi no ønskjar å få tilbake, og å vidareutvikla, med ny hovudtrenar. Eit tilleggstilbod på dagtid, gjerne i samarbeid med vidaregåande skular frå neste haust, seier Skeie.

Med nye spelarar og to trenarbyte i løpet av førre sesong, mista A-laget òg litt av spelestilen sin. Mens yngre lag dyrka den raude tråden med spelande stil vidare, viste dei eldre meir motor enn mønster i enkelte kampar.

– «Os-modellen», filosofien og grunnlaget som Lars Bakkrud utforma i 2013, som blei vidareført av Hassan og Håland, er den lagt til sida etter nedrykket i 2017?

– Nei. Den vil vi meir tilbake til, seier Skeie.

Det er òg klart at Martin Røttingen Eidsvik held fram som hovudtrenar for Os 2, og framleis har med seg John Ole Johannessen i trenarteamet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.