Os lensmannskontor byrjar med timebestilling

Skal du ha nytt pass i 2017? Då må du bestilla time.

Åsta Bakke-Mjelde, leiar for sivilavdelinga ved Os lensmannskontor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. des. 2016 12:03

Frå og med mandag 2. januar, må du ha bestilt time på førehand for å få pass på Os lensmannskontor.

– Vi håper og trur at dette vil auka fleiksibiliteten, redusera ventetida og vera med på å gje eit endå betre tilbod til kundane våre, seier Åsta Bakke-Mjelde, leiar for sivilavdelinga ved Os lensmannskontor i ei pressemelding i dag.

Timen må bestillast på nett før du møter, og den må bestillast seinast dagen før. Du finn timebestillingsløysinga under «pass» på politi.no, eller du kan gå direkte via denne linken.

– Tenesta er open, så du kan bestilla time allereie i dag. Kundane vel sjølv kor tid dei vil møta og det er lett å sjå kor tid det er ledig.

Alternativ og hjelp

Kontoret vil framleis ha langope på torsdagar.

– Om folk har vanskar med å bestilla vil vi hjelpa dei via telefon. Om systemet er nede kan det bestillast time per sms eller epost.

I ein kortare periode vil det framleis vere mogleg å møta utan å ha bestilt time på førehand.

Dette gjeld eit avgrensa antal timar; måndagar og torsdagar i tidsrommet 10:20 – 10:50.

Passbilde til dei under 3 år

– Vi vil òg minna om at timebestillinga ikkje medfører andre endringar i rutinene og reglane for bestilling av pass; Alle må hugsa å ta med gammalt pass eller annan gyldig id. Barn under 3 år må òg ha med passbilde.

– For bestillinga av pass til barn, må barnet møta saman med minst éin av foreldra. Der ein har felles foreldreansvar, krevst det godkjenning frå begge foreldre, t.d. fullmakt + gyldig legitimasjon.

• Les òg: – Ikkje sats på naudpass

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.