Os møter Fana i neste NM-kvalik
– Dette ser vi fram til, seier Brenne og Håland.
I helga blei dei siste kampane i første kvalifiseringsrunde i fotball-NM for herrar spelt. Os gjekk som kjent vidare på walkover frå første kvalifiseringsrunde då Odda trekte seg.
I dag blei oppsettet for andre kvalifiseringsrunde publisert.
Os møter Fana på bortebane.
Kampen må spelast innan 7. april.
Fana slo Solid 0-4 borte i førre runde. Sist Os møtte Fana var i treningskamp i vinter. Då skapte Os godt med sjansar, men tapte 0-2.
– Litt rart at to avdelingsmotstandarar møter kvarandre allereie no, men vi ser fram til å møta Fana igjen, seier Os-trenar Endre Brenne.
Tidlegare trenarkollega, Fana-trenar Ørjan Håland, ser òg fram til nytt møte med gamleklubben.
Her er resultata frå alle kvalifiseringskampane i Hordaland:
Os - Odda 3-0 (walkover)
Sund - Bjarg 7-6
Varegg - Gneist 1-0
Frøya - Sandviken 3-0
Solid - Fana 0-4
Lyngbø - Trott 1-3
Loddefjord - Trio 2-0
Stord - Tertnes 9-1
Øystese - Bergen Nord 2-3
Vestsiden-Askøy - Arna-Bjørnar 5-6
Sånn blir dei andre kampane i andre runde:
Bergen Nord - Varegg
Trott - Frøya
Arna Bjørnar - Loddefjord
Fjøra - Sund
88 lag speler 2. kvalifiseringsrunde. Av desse står 44 igjen til første runde saman med dei 84 direktekvalifiserte.
I Hordaland deltar 26 lag i NM. Dei 6 beste er allereie kvalifiserte:
Brann, Nest-Sotra, Åsane, Sotra, Fyllingsdalen og Lysekloster.
Lysekloster rauk ut av NM etter meisterleg spel mot Haugesund. Lysekloster tapte 1-2 heime for ein motstander som tok seg til kvartfinale, der dei tapte 0-1 for NM-finalist Strømsgodset.
Os tapte 1-6 for Åsane første runde i NM i fjor, Fana tapte 0-1 for Nest-Sotra.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.