Fotball | 09. des. 2021

Os og Lysekloster i kvar si avdeling

Avdelingane for Norsk Tipping-ligaen kom i kveld.

Os og Lysekloster i kvar si avdeling
Lokaloppgjer plar samla mykje publikum. Neste år må Os og Lysekloster underhalda utan å møta kvarandre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. des. 2021 18:43

I kveld blei avdelingane for Norsk Tipping-ligaen (3. divisjon) 2022 offentleggjorte.

Os og Lysekloster, som spelte 4-4 på Kuventræ i år, landa på 6. og 9. plass i årets korona-halverte sesong.

Dei møter ikkje kvarandre neste år.

Os i avdeling 1 (vest og aust): Av motstandarar frå i år møter Os blant anna Sandviken, Fyllingsdalen og nyopprykka Frøya, men også Oslo-klubbane Lyn og Ready.

Lysekloster i avdeling 3 (vest og sørvest): Lysekloster møter lag som Fana, Stord, Bjarg og Brann 2, og må sørover for å møta andre motstandarar.

– Som tidlegare år er det krevjande å få alle avdelingar sammensette på ein geografisk naturleg måte, seier Rune Pedersen i NFFs konkurranseavdeling.

– Andre viktige kriterie er jamn fordeling av 2. lag og mengde nedrykkslag i kvar avdeling, og å legga til rette for flest mogleg lokaloppgjer.

Her er avdelingane

Avdeling 1
Lyn
Lokomotiv Oslo
Skeid 2
Ready
Nordstrand
Stabæk 2
Grorud 2
Sandviken
Fyllingsdalen
Os
Oppsal
Grei
Frøya
Kjelsås 2

Avdeling 2
Florø
Spjelkavik
Aalesund 2
Volda
Molde 2
Hønefoss
Elverum
Raufoss 2
Brumunddal
Toten
Kongsvinger 2
Lillehammer
Hødd 2
Førde

Avdeling 3
Lysekloster
Fana
Stord
Bjarg
Brann 2
Djerv 1919
Åkra
Sola
Brodd
Vidar
Viking 2
Haugesund 2
Sandnes Ulf 2
Bremnes

Avdeling 4
Fram Larvik
Eik Tønsberg
Pors
Halsen
Express
Start 2
Vindbjart
Mandalskameratene
Sarpsborg 08 2
Follo
Fredrikstad 2
Sprint-Jeløy
Urædd
Randesund

Avdeling 5
Rosenborg 2
Nardo
Bodø/Glimt 2
Junkeren
Rana
Kolstad
Tiller
Byåsen
Melhus
Orkla
Strindheim
Innstranda
Steinkjer
Trygg/Lade

Avdeling 6
Fløya
Senja
Mjølner
Tromsø 2
Skjervøy
Lillestrøm 2
Strømsgodset 2
Lørenskog
Mjøndalen 2
Gjelleråsen
Fu/Vo
Harstad
Bossekop
Skjetten

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.