Sånn ser tabellen til Os A-lag, B-lag og damelag ut i starten på september. (Fotball.no)

Os på topp med tre seniorlag

Os 2 vann toppkamp på søndag, Os damelag speler toppkamp på heimebane i kveld.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

A-laget ligg godt an til opprykk og comeback i 3. divisjon, men er ikkje det einaste laget i klubben som gjer det skarpt om dagen.

Os 2, som speler i 5. divisjon, klatra til toppen av tabellen etter 2-0-siger på bortebane i toppkamp mot Osterøy søndag.

Laget har skåra 63 mål på 15 kampar og står no med seks sigrar på rad. Neste kamp går heime mot Nymark (3. plass) fredag.

Damelaget til topps etter 9-0-siger

Os sitt damelag har vunne kvar kamp sidan 6. mai. Søndag blei det 9-0-siger borte over Tertnes (5. plass), etter skåring av Vy Nguyen, Malin Ludvigsen 2 og heile 6 mål av Vilde Drange Veglo.

– Det er ikkje alltid vi har Vilde med oss, men eg ser det gjer noko med laget når ho deltar. Det blir ei trygg og god stemning. I tillegg hjelper det jo med 6 mål, seier trenar Stian Kvåle.

Os leier no tabellen, a-poeng med Årstad, som har spelt éin kamp meir.

Toppkamp på heimebane

Sist Os tapte var borte mot Årstad (5-1), som kjem til Kuventræ i kveld.

– Bortekampen starta forferdeleg for vår del. Vi var ikkje på frå start og låg under 4-0 til pause.

Etter tapet 6. mai har Os skåra i snitt 5,5 mål per kamp.

– Det er eit anna Os-lag Årstad møter i dag. Vi har ikkje berre fptt styrka stallen litt sidan sist, vi er meir samspelte og betre trente.

Terminliste og tabell

Fleire saker