Os sin neste NM-motstandar
2. runde i NM-kvalik: Os skåra 19 (!) mål på dette laget i fjor. No møtest dei i NM-kvalifisering.
Comeback-keeper Anders Kloven heldt nullen og debutant Alexander Tøssebro skåra då Os slo Odda 4-0 i første runde i årets NM-kvalifisering.
Onsdag kveld blei dei siste kampane i første runde spelt.
Sånn blei resultata til laga i Hordaland:
Os - Odda 4-0
Lyngbø - Austevoll 2-3
Vestsiden-Askøy - NHH 1-0
Vadmyra - Trott 2-4
Varegg - Gneist 2-0
Sund - Arna-Bjørnar 1-3
Tertnes - Loddefjord 6-5
Øystese - Bjarg 1-3
Voss - Nordhordland 5-2
I ettermiddag kom trekninga til andre kvalifiseringsrunde.
Neste runde for gutane i gult og svart blir: Arna-Bjørnar - Os
Os slo Arna-Bjørnar tre gongar i fjor, 8-1 i NM-kvalik, 8-1 på heimebane i serien og 1-3 borte.
Arna-Bjørnar landa på 8. plass i Os si avdeling i 2016.
Det er førebels ikkje sett dato for kampen, men den må vera spelt innan førstkomande onsdag, 5. april.
Her er andre kampar i andre runde:
Austevoll – Varegg
Sotra – Vestsiden Askøy
Trott – Tertnes
Bjarg – Voss
Oppsett med tidspunkt og resultat kjem på denne sida på fotball.no.