Næringsliv | 04. nov. 2009

Os Taxi vil bli betre

Os Taxi held fram med å jakta på piratdrosjar, men jobbar samstundes med sjølv å bli meir tilgjengeleg.

Os Taxi vil bli betre
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. nov. 2009 20:13

I førre veke skreiv vi om Os Taxi, som er lei av ulovleg konkurranse frå ungdomar som kjører piratdrosje, spesielt i helgene.

- I helga blei det observert nok ein piratsjåfør, og denne er meldt til politiet, seier ein av dei 16 løyvehavarane, Christian Sande.

Os Taxi har systematisk kontroll av trafikken rundt utestadane og Esso-stasjonen, i tillegg sjekkar dei marknadsføringskanalen dei fleste brukar; Facebook.

- "Kjapt, trygt og billig" hadde han eine skrive. Eg tok kontakt og åtvara han mot å koma til Os sentrum for å kjøra piratdrosje.

Tar sjølvkritikk
Fleire lesarar har skrive kommentarar til den førre saka vi skreiv, og tatt piratverksemda i forsvar med ulike argument.

- Nokre av dei er usaklege, som diskusjon av pris. Vi som betalar skatt og avgifter kan ikkje konkurrera mot 50 kroner for ein tur frå Halhjem. Men noko av kritikken vi får er vi samd i, seier Sande.

Ventetid på telefonen var nytt for Os Taxi då dei tidleg i 2007 starta eit sentralbordsamarbeid med Bergen Taxi.

- Det første året var dette eit stort problem, seinare kom det seg. Men no gjer vi fleire grep for å bli meir tilgjengelege.

Vakt og loggføring
Blant tiltaka Os Taxi no set i verk er vakt på haldeplassen i helgene, ein som held auge med køen på haldeplassen og kallar inn bilar om det hopar seg opp med folk. Drosjane får nemleg ofte bestillingane direkte i bilen, slik at dei av og til ikkje kjem ofte nok innom stasjonen.

- Vi vil prioritera haldeplassen, dei som sit heime og ventar får heller tåla 15 - 20 minutt ekstra sofaen i travle tider.

Samstundes vil Os Taxi sjekka om Bergen Taxi held den korte ventetida på telefonen som dei lover.

- Vi kjem sjølv til å ringa med jamne mellomrom, og loggføra ventetida som kundene våre opplever. Dette har vi ringt til Bergen og informert om, seier Sande.

Tips til enkel bestilling
Samstundes som Sande fortel om intern skjerpings, meiner han osingane kan bli flinkare til å bruka automatisk bestilling av drosje. Det er nemleg heilt friviljug å sitja i telefonkø.

- Sit du heime er det gjerne ein pc i nærleiken. På bergentaxi.no er det få tastetrykk som skal til for at bestillinga er gjort. Har du hustelefon treng du nesten berre tasta 1, så veit vi ut frå nummeret ditt kvar vi skal henta deg. Og har du mobil så er det berre å senda "TAXI" til 07000, opplyser Os Taxi.

Og vil du ha eit lite tjuvtriks? I staden for å ringa 07000, bruk det gamle nummeret, 56300235. Då veit sentralen automatisk at det er Os Taxi du vil ha tak i, anten du ringer frå eit nummer i Os, i Oslo eller frå ei plattform.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.