Sport | 16. mars 2016

Os vald til satsingsklubb

Noregs Friidrettsforbund har vald Os Turn Friidrett som ein av 10 satsingsklubbar i 2016. – Målet er at arbeidet skal gjera klubben endå betre, seier Matias Lavik.

Os vald til satsingsklubb
Friidrettsleiar Sverre Mowinckel-Nilsen og resten av styret i Os Turn Friidrett blir ein av satsingsklubbane til friidrettsforbundet denne sesongen (foto: KVB)
Andris Hamreonsdag 16. mars 2016 13:50

Os Turn Friidrett har av Noregs Friidrettsforbund blitt plukka ut til å vera ein av dei klubbane forbundet vil satsa på i 2016.

– Satsingsklubb-prosjektet er eit prosjekt kor vi går inn i godt fungerande klubber og hjelper dei med å bli endå betre.

– Det er først og fremst eit organisasjonsutviklingsprosjekt, men målet er jo at klubben gjennom å få betre rutinar og system på tinga, får meir tid til å drive aktivitet og på den måten bli betre sportslig, forklarer Matias Lavik, seksjonsleiar for barn, ungdom og kompetanse i Noregs Friidrettsforbund.

Kurs og vegleiing

Satsingsklubbane vil få hjelp gjennom ulike kurs og vegleiing. 7. april kjem ein representant frå forbundet til Os for å møta styret og leiarar til eit oppstartsmøte.

– Opplegget er i same ånd som kvalitetsklubbprosjektet til fotballforbundet. I april kjem ein vegleiar til Os for saman med klubben gå gjennom korleis klubben blir driven i dag og korleis bli betre. Det er klubben sjølv som skal gå i seg sjølv og identifisera forbetringsområder.

– Gjennom sommaren og sesongen jobbar dei så med ulike tiltak før vi tek eit nytt møte utpå hausten for å gjera opp status.

– I tillegg vil klubben få tilbod om eigne gratis kretsdommarkurs og trenarkurset Friidrett for barn. Om klubben nettopp har gjennomført desse og heller treng andre typer kurs for å løfta seg vidare så ser vi på det, seier Lavik.

Skal læra av kvarandre

For å bli satsingsklubb måtte klubbane søka forbundet.

– Det kom inn 15 søknader og vi valde ut 10 av dei som fekk vera med no. Dei klubbane vi har plukka ut er dei klubbane vi trur kan få best utbytte av det. Det var eit krav at dei ikkje skulle byrje heilt på scrach, men ha nokre områder på plass.

– Vi har kjørt tilsvarande opplegg i andre klubbar tidlegare år og tilbakemeldingane har vore gjennomgåande gode.

– Sjølv om prosjektet strekk seg gjennom 2016 sesongen, så slepp vi ikkje klubbane etter dette. Dei vil få vidare oppfølging gjennom ulike møteplassar og kurs. Noko av poenget er at klubbar som har vore med på dette skal kunne læra saman og av kvarandre, seier Lavik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.