Næringsliv | 30. juni 2018

Osdagane-debutant med lys idé

Øystein Hjelle er blant dei nye utstillarane på marknaden på Osøyro.

Osdagane-debutant med lys idé
Øystein Hjelle stiller ut med sitt ett år gamle firma, Hjelle Drift Lys AS. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. juni 2018 08:19

Bildeserie:

Gard vs Jens i sumokamp. (Foto: KVB)
Gard vs Jens i sumokamp. (Foto: KVB)
Party-gründer Thomas Marceliussen. (Foto: KVB)
Party-gründer Thomas Marceliussen. (Foto: KVB)
Jostein Berge starta gitarskule og butikk for eit år sidan. (Foto: KVB)
Jostein Berge starta gitarskule og butikk for eit år sidan. (Foto: KVB)
Sel strikkevarer og smykke til inntekt for operasjonar i Asia. (Foto: KVB)
Sel strikkevarer og smykke til inntekt for operasjonar i Asia. (Foto: KVB)
Annlaug og Hildegunn frå Kysthospitalet. (Foto: KVB)
Annlaug og Hildegunn frå Kysthospitalet. (Foto: KVB)
Utstyr som òg er i bruk i dag. (Foto: KVB)
Utstyr som òg er i bruk i dag. (Foto: KVB)
1 av 6
Gard vs Jens i sumokamp. (Foto: KVB)
Party-gründer Thomas Marceliussen. (Foto: KVB)
Jostein Berge starta gitarskule og butikk for eit år sidan. (Foto: KVB)
Sel strikkevarer og smykke til inntekt for operasjonar i Asia. (Foto: KVB)
Annlaug og Hildegunn frå Kysthospitalet. (Foto: KVB)
Utstyr som òg er i bruk i dag. (Foto: KVB)

I dag er tredje og siste dag av Osdagane, der Os Sentrumsforening og Oseana for første gong har slått saman marknadane sine.

På programmet laurdag står blant anna ølfestival, moteshow og andeslepp - moteshowet med modellar frå 125-årsjubilanten Kysthospitalet i Hagavik (ja, dei som lagde så mykje liv i 17. maitoget i år).

Tilreisande og lokale firma stiller ut på marknaden på Osøyro, og blant debutantane på den tradisjonsrike marknaden er fleire lokale, nystarta firma.

– Eg jobbar som bilmekaniker og har alltid likt dette med varsellys og effektar på bil, seier Øystein Hjelle.

I mai 2017 starta han Hjelle Drift Lys AS, der han importerer og sel blant anna varsellys, langlys og dashbordkamera via nettbutikk.

– Det er deltid og hobby førebels, men eg har kundar over store delar av landet, både Nord-Noreg og Austlandet.

Hjelle har samarbeid med Vidar Tømmernes i VestBrøyteutstyr og dei to står saman på stand på Øyro.

– Eg er her berre for å visa varene, og er nøgd så langt. Det har vore bra med folk innom standen på ein prat, sa Øystein til Midtsiden fredag.

Satsar på utleige til fest og bursdagar

Ein av dei meir actionfylte områda på Osdagane, ved sidan av tivoliet på grusplassen, er Baronsplassen, der det fredag var bryting i oppblåste sumodrakter. Aktiviteten er ikkje innleigd, men eit lokalt, nystarta firma som viser seg fram.

– Eg og ein kamerat sat og diskuterte om vi skulle starta eit lite firma saman. Kort tid seinare var heimesida på plass og vi var på veg til Haugesund for å kjøpa utstyr, fortel Thomas Marceliussen.

Selskapet, Leierut.no, leiger ut partytelt, stolar og bord - og sumodrakter og boblefotball til dei som vil setja ein ekstra spiss på bursdagsfesten, utdrikkingslaget eller blåturen.

Gitarskule og butikk

I fjor på denne tida starta musikar Jostein Berge den vesle gitarskulen i hytta som no står plassert ved Rema 1000.

Hytta har blitt ståande, men Jostein stiller ut på Osøyro med ulike varer.

– Eg har 5 til 8 elevar som går fast kvar veke i hytta, i tillegg så sel eg gitarar og ukulele. Det har gått ein del instrument og tilbehør frå gitarhytta, fortel Jostein.

Marknadsfører gratis seminar om Kysthospitalet

På stand står òg Kysthospitalet i Hagavik, ikkje for å selja snarveg til operasjon, men for å markera jubileet sitt og for å fortelja om seminaret dei skal ha i Oseana i august.

– Det er gratis å delta, men folk må inn på Ticketmaster og henta ut billett, fortel Annlaug Drange Steinsland og Hildegunn Haugland.

Jubileumsseminaret handlar om Kysthospitalet si historie, med faglege foredrag, historisk utstilling, gjesteforelesarar og kulturelle innslag.

Ein innsats for andre - sel «is til eskimoar»

På marknaden står òg Wenche Lyssand med vener for å gjera ein innsats for Kids Action for Kids, ein norsk organisasjon som finansierer operasjon av leppe- og ganespalte og andre misdanningar i ansiktet hos fattige born i Thailand og nabolandet Myanmar.

• Les òg: Ferie med meining

Dei er sponsa av ein som hadde eit stort parti ullvarer og smykke som han donerte til saka, og etter fleire år på marknaden er det framleis varer igjen.

– Pengane vi får inn blir dobla av ein sponsor i Thailand. I fjor fekk vi inn 25.000 kroner her i Os, dette blei 50.000 kroner i Thailand og Myanmar. Det heldt til 10 operasjonar, fortel Wenche.

Sjølv om det er sol og varmt under Osdagane i år fekk dei inn heile 8000 kroner torsdag.

– Eg synest det er flott at folk kjøper ullvarer no i varmen, at dei støtter saka vår samtidig som dei får fine varer for pengane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.