Oseana 2020: Vinsmaking, Gud og Whitney Houston-hyllest
Serverte vårprogrammet over ein tallerk graut i foajeen.
I august 2011, to månadar etter ei tettpakka opningsveke, presenterte arrangementssjef Berit Steen Oseana sitt første haustprogram.
Dei siste åra har haustprogrammet gradvis blitt forma og sleppt for sal, mens vårprogrammet blir servert saman med gratis graut, underhaldning og nokre ord om arrangementsjefen sine utvalde.
I går hadde ho med seg direktør Ole Tobias Lindeberg og marknads- og kommunikasjonsansvarleg Veronica Søilen Halhjem til å presentera vårprogrammet i foajeen.
– Vi ønskjer at Oseana skal vera ein samlingsplass, ikkje berre når du skal på eit arrangement, men ein plass å vera. Her er òg mykje å vera med på, som våre frivillige opplever, at det er kjekt å delta, ikkje berre å sjå på, sa Lindeberg.
Kultursjefen slo til
Oseana hadde 80.000 besøkande i 2018. Ole Tobias fortalte om kulturskulen, Friskunst, samarbeid med senioruniversitetet, kunst og deens - og om streaming til institusjonar til alle landsdelar.
– Neste år skal òg senioruniversitetet sine foredrag sendast direkte til institusjonar. I alt blir det direktesending av 16 arrangement.
Så presenterte Berit og Veronica nokre av sine favorittar frå programmet.Delar av programmet blei for første gong presentert med smakebetar på video.
– Dette vil eg seia er eit program som viser god breidde. Sjølv har eg allereie sikra meg billett til Pernille Sørensen si standupframsyning, seier kultursjef i Bjørnafjorden kommune, Erik Vangsnes.
Han var blant gjestane som både fekk servering, var med i trekninga av gratisbillettar og let seg underhalda av Os Musikkforening og Tenorane, som varma opp til gårsdagens konsert (sjå video på Midtsiden sin instagramkonto).
Kjent vinjournalist til Os med seks vinar
Ølfestivalen i juni er også i 2020 siste innslag i vårprogrammet til Oseana. Nytt i 2020 blir vinsmaking - ikkje under ølfestivalen, men ein laurdag i mars.
Ingvild Tennfjord, Noregs mest lesne vinjournalist, har spalter i blant anna Aftenposten og Bergens Tidende. Ho kjem til Os med seks vinar og foredraget «Snarvegen til Piemonte».
Med kunnskap og humor vil ho leia deltakarane frå smak til smak frå det kjente, italienske distriktet - med valfri oppfølgingsmiddag etterpå.
Månad for månad
Heile programmet blei i går lagt ut på oseana.no.
Her er delar av programmet, i kronologisk rekkefølge.
JANUAR: Først ut er Os senioruniversitet med foredrag om stormakta Kina (v/Torbjørn Færøvik). I slutten av januar kjem Svanesjøen til Os. Griegsamlinga opnar med nye innkjøp og hyggelege gjensyn mens Kurt Johannessen stiller ut i Hvelvet.
FEBRUAR: Svenske Oscar Danielson held konsert den første fredagen i månaden, søndagen etter er det UKM. For dei yngste blir det action og humor med Bare Egil & Aslags Superpopulære Barneshow. Pink Floyd skal hyllast, danseframsyninga Frøet blir ein kombinasjon av akrobatikk og teater, Frank Tjosås, Henrik Thodesen og Simen S Schøien byr på Act of God og trufaste Lindesnes Trekkspillklubb byr opp til konsert.
MARS: Riksteateret kjem med Hamsuns Sult, Ørjan Burøe med standupshowet Store gutter gråter ikke og den nye storkommunen får sin eigen festkveld med spennande samspel av lokale aktørar innan song, musikk, humor og dans. I slutten av mars står Pernille Sørensen på scenen fredagen, Real Ones har konsert laurdagen før Belinda Davids skal hylla Whitney Houston på ein tysdag.
APRIL: Ei lita veke inn i månaden startar påskeferien. Så blir det fart i kulturhuset igjen. Greg Niemczuk vil hylla Beethoven i april, nokre dagar før jazzbandet Christina Dahl Quartet speler konsert. Maria Parr kjem til Oseana med teaterstykket Vaffelhjerte.
MAI OG JUNI: Tidleg i mai vil Bjørnafjorden kulturskule, i samarbeid med den egelske komponisten Tyrone Landau og Edvard Grieg kor, ta publikum med på Ei reise med Nils Klim. Osøren Jazzensemble er på plass på 17. mai og laurdag 13. juni er det tid for neste års ølfestival.