Kultur | 21. mars 2013

Oseana har fått ny restauratør

Onsdag blei det inngått avtale med ny restauratør på Oseana. Her er dei nye restaurantdrivarane - og invitasjon til namnekonkurranse.

Restauranten i Oseana har fått nye drivarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. mars 2013 09:10

Styret i Oseana KF har i møte onsdag 20. mars inngått avtale med ny restauratør i Oseana.

Les òg: Færingen er konkurs

– Valet falt på Roald og Anne Rita Mjelstad, fortel styreleiar, ordførar Terje Søviknes.

Mjelstad har lang erfaring frå hotell-, mat-, og serveringsbransjen, og driv frå før selskapa Mjelstad Holding AS og Bergen Restaurantkantine AS.

Kafé på dagtid

Mjelstad vil starte opp cafè-, restaurant-, bar- og cateringdrift i Oseana i slutten av april.

Restauratør og Oseana KF skal samarbeida tett om vidare konseptutvikling av serveringstilbodet i kunst- og kultursenteret på Mobergsneset.

Hovudsatsinga blir kafé på dagtid i Oseana si opningstid, restaurant på kveldstid fredag og laurdag og familiekonsept på søndagar.

I tillegg skal Mjelstad levera all catering til arrangement i Oseana.

Høg kvalitet, lokale råvarer, service og en meir intim atmosfære står sentralt i konseptet.

Lager loungebar

Restauratør og Oseana KF vil i tillegg utvikla fleire fellesprodukt med sal av billettar til kulturarrangement i kombinasjon med ulike serveringstilbud - alt frå middag og fingermat til vinpakkar.

Ei nyvinning blir også investeringa i ein ny "loungebar" i foajeen, for å kunna gje Oseana sitt publikum eit betre tilbod før, under og, ikkje minst, etter kulturarrangement.

Treng folk - og namn

I høve oppstart søker Mjelstad nå gode medarbeidarar innan både kokke- og servitørfaget.

I tillegg inviterer Mjelstad og Oseana KF til ein namnekonkurranse for både kafé- og restauranten i 1. etasje, og den nye «loungebaren» i foajeen.

Vinnarane blir premiert med billettar og middag til ein heilaftan i Oseana for fire personar.

Namneforslag kan sendast til astrid@oseana.no. Frist for innsending er 5.april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.