Oseana klar med haustprogrammet
Mens du ventar på sommaren - her er noko du kan gle deg til når ferien er over.
Laurdag 10. juni presenterer Oseana det fullstendige programmet for hausten. Blant artistane og foredragshaldarane som kjem til Os etter sommaren er Vamp, Helge Jordal, Hans-Wilhem Steinfeld og komikarane Dagfinn Lyngbø og Thomas Helgesen.
– Det blir eit variert program som vi har stor tru på, seier arrangementsjef, Berit Steen.
Nytilsett marknads-og kommunikasjonssansvarleg, Veronica S. Halhjem, er også svært entusiastisk.
– Eg gler meg og håper eg får med meg mange av forestillingane sjølv. Her er mykje eg vil ha borna med på, men også arrangement eg vil anbefala til vener. Særleg er det kjekt å sjå at fleire av framsyningane får strålande kritikkar i pressen, til dømes har Riksteateret si framsyning «Albert & Anna» fått både terningkast 5 og 6 i avisene, seier Halhjem.
Fonos tilbake med julekonserten
Haustprogrammet inneheld noko for dei fleste, både borneframsyningar, konsertar, show og foredrag.
- Av konsertar gler me oss mellom anna til å presentera både Eva Weel Skram, Rita Eriksen, «Book of Love» med Helge Jordal, Tor Endresen og Hilde Økland, og «The Simon and Garfunkel Story», seier Steen.
Morosamt kan det òg bli når Gisle Børge Styve & Heine Totland kjem tilbake til Oseana, no med det nyoppussa showet «Musikk e komen for å bli».
– I tillegg blir det sjølvsagt mange flotte juletonar i desember månad, ikkje minst er det gledeleg at Fonos finn vegen tilbake til Oseanasalen. Ut over dette kjem både Nordic Tenors og Vamp attende til Oseana!
Berit kan også fortelja at bornekonsertane Bajazz held fram, og det blir konsert for dei unge med Henrik & Emma Noor. Spesielt spennande blir det når Bergen Nasjonale Opera kjem med eventyroperaen Hans & Grete i oktober.
- Det er veldig kjekt å kunne tilby denne storslegne eventyroperaen, skrive av Engelbert Humperdinck. Vi håper osingane let seg freista til å oppleva dette kjende eventyret i operaform.
Pulverheks og russisk rabalder
Det er fleire store personlegdomar som vitjar Oseana i haust. Hans-Wilhem Steinfeld kjem med foredraget Russisk Rabalder, og verdskjende Lisa Williams held show i september.
Steen er allereie godt nøgd med publikum sin respons på haustprogrammet, for vi merker at publikum har fått med seg dei haustdryppa som har kome gjennom våren.
- Billettsalet er godt i gong allereie på mange av arrangementa før vi i grunnen har starta å fortele om dei, så det er jo veldig kjekt. Både Dagfinn Lyngbø og Thomas Helgesen har selt ut to framsyninger, så her er sett opp ekstra.
– Riksetateret si framsyning «Pulverheksa og vennene hennes» sel også allereie godt, det same gjer Ingrid Bjørnov sitt show «Steinway to Heaven», seier Steen, som vil oppmoda publikum til å ikkje vente for lenge med å sikre seg billettar til det dei ynskjer å få med seg.
– Osingane er jo kjende for å ha is i magen til tett oppunder arrangementet, smiler ho, men her trur eg mange kan kome til å bli skuffa om dei ventar for lenge. Held billettsalet fram på denne måten, kan det fort blir for seint å kome i døra på konsertkvelden!
Programmet blir sendt ut til alle hustandar i Os, Fusa og Bergen sør medio august, og kan sjølvsagt også hentast i resepsjonen i Oseana frå og med laurdag 10. juni.