Lokal | 15. apr. 2020

Oseana opnar opp att Foajé og Griegsamling

Opnar huset i slutten av april.

Oseana opnar opp att Foajé og Griegsamling
Oseana sett frå fjorden før påske. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. apr. 2020 12:51

Pressemelding:

Etter at regjeringa og helsemyndigheitane i midten av mars stengde ned alle kulturelle scenar i landet pga koronasituasjonen, har det vore stille i salane i Oseana. Alle kulturelle arrangement i perioden er enten blitt avlyst eller utsett til ny dato, og huset har vore heilt stengd.

Gleda er difor stor blant Oseana sine tilsette når dei no kan opne opp att både Griegsamling og Foajé.

– Vi har i samråd med kommuneleiing og Oseana sitt styre blitt einige om å opne huset for publikum frå tysdag 28. april, omtrent samstundes med at barnehagar og dei yngste skuletrinna skal i gang igjen, seier marknad- og kommunikasjonsansvarleg Veronica S. Halhjem.

Det er i første omgang Foajeen og Griegsamlingen som vil opnast, og det vil vera Oseana sine vanlege opningstider som gjeld. Restauranten vil fortsatt halda stengt, men det vil vera enkel servering i resepsjonen.

– Vi ser at vi kan halda retningslinjene for smittevern ved å laga gode rutinar når det gjeld både Griegsamlingen og Foajeen. Nokre av tiltaka vi vil gjere er å setja grenser for maks antall besøkjande, avstand og god handhygiene, seier Halhjem. Vi skal også klara å servera både kaffi og noko å bita i, utan at smittevernet blir råka, fortset ho.

Sjølv om det fortsatt ikkje vil føregå kulturelle arrangement på Oseana, som konsertar og teater, kan altså kulturhuset no nyttast av dei som vil oppleva kunst, eller berre nyta ein pause i denne tida. Utstillinga i Griegsamlingen har gratis inngong, og det er heilt fritt å nyta roa og utsikta i Foajéen. Dei fleste av Oseana sine tilsette har heimekontor, men dei som jobbar i resepsjonen vil stå klare for å ta imot deg frå 28. april.

– Alle vi som jobbar i Oseana, jobbar for å skape glede og gode opplevingar for vårt publikum, seier Halhjem. Difor har det vore ekstra underleg for oss i denne tida, å oppleva huset så stille! Vi er takknemlege for no å kunne opne opp att delar av bygget. Slik kan vi i det minste bidra til gode kunstopplevingar i denne tida, og dei av oss som ikkje har heimekontor, slår gjerne av ein prat i Foajeen, avsluttar ho.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.