Oselvaren - viktig å læra dei unge
Tirsdag var det klasse 9B ved Os ungdomskule sin tur til ein dag i Oselvarnaustet.
I cirka 12 år har Oselvarlaget invitert alle niandeklassane i Os kommune til ein dag der dei har fått læra om Oselvaren, tauverk, knutar og kystkulturen.
Dei får også prøva å segla og ro ein Oselvar, som i 2009 vart kåra til Noregs nasjonalbåt.
- Vi har hatt fokus på kystkultur, og allereie i vår var elevane på Hordamuseet der dei lærte mykje, seier kontaktlærar i 9B Helene Burø.
Vil engasjera ungdomen
Midtsiden var så heldig å få vera med på ein av seglturane, frå Oselvarnaustet og ut forbi moloen ved Oseana.
Styrmann var Johan Mohr, formann i Oselvarlaget.
- Desse to vekene vi har niandeklassane på besøk er veldig kjekke, fortel Mohr.
- Dei oppfører seg ekseplarisk i båten og gjer som eg seier.
- Ein kjekk dag
Mohr segla med elevane medan han delte sin kunnskap og erfaring etter mange år som seglar og Oselvarentusiast.
- Denne dagen har vore veldig kjekk, seier Stine Rønnestad, elev i 9B.
- Eg ønskjer å få med den yngre garde til etter kvart å kunne ta over seilinga, seier Mohr, og legger til at alle kan låna båt hos Oselvarlaget. Ein må sjølvsagt kunne segle.
-Men om nokon treng kurs i segling, så skal me prøva å få det til og.
Vi gler oss kvart år
Inne i Oselvarnaustet fortel Svein Larsen om tauet si historie på Vestlandet og lærte elevane å skøyta tau og laga knutar.
- Vi gler oss til desse to vekene kvart år, seier Hallgeir Bjørnevik, båtbyggar og ein av dei som er ansvarlig for opplegget.
- Vi får gje dei unge eit viktig innblikk i Oselvartradisjonen som betyr så mykje for bygda vår.
- Det er fantastisk kjekt, avsluttar Bjørnevik