midtsiden

Osodi gjer inntrykk

Os er første stoppestad for vandreutstillinga "Oil Rich N&N". Mange skuleelevar har fått med seg kontrastane mellom Noreg og Nigeria.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design presenterer ny vandreutstilling med verk av fotografen George Osodi frå Nigeria. Visningssenteret på Haugsneset i Os er første stopp på den landsdekkande turneen, og sidan opninga 13. februar har det vore fullt program i galleriet.

Les òg:
Osodi stiller ut i Os

SJÅ FLEIRE BILDE FRÅ UTSTILLINGA NEDST I ARTIKKELEN

- Det er nok litt uvant for mange, å sjå ei utstilling som blir presentert som lysbildeframvising. Men dette er ei i aukande grad vanleg form for utstilling, seier aktivitetskoordinator ved kulturkontoret i Os kommune, Grete Byrkjeland.

Nøss "viser rundt"
Lysbildeframviseren står og går i heile opningstida til det midlertidige galleriet i det uferdige visningssenteret i Vindu mot Fjorden. Frå 12 til 17 frå torsdagar til sundagar kan du stikka innom og sjå bilde frå Noreg og Nigeria rulla på lerretet.

Vil du ha informasjon eller diskusjon om samtidskunsten og temaet oljenæringa i Noreg og Nigeria kan du få hjelp av Odd Olav Nøss.

- Det har vore heilt ideelt å ha Nøss til denne jobben. Ikkje berre er han kunstnar, han har jobba 25 år i Nordsjøen, så han kan mykje om norsk oljeverksemd frå før. I tillegg har han vore på Nasjonakmuseet og fått meir informasjon om Nigeria og fotografen Osodi, seier Byrkjeland.

- Dei yngste spør mest
Fredag var klasse 9D ved Os ungdomsskule på "omvising" i utstillinga. Nøss fortalte kort om utstillinga og let så elevane sjå lysbilda rulla i rundt 15 minutt før dei hadde vore gjennom alle.

- Det er tydeleg at utstillinga gjer inntrykk. Etter at vi har vore gjennom er det ope for spørsmål, kommentarar og diskusjon. Kva veit vi om Nigerie og kva trur vi at vi veit om Nigeria? Kvifor er forskjellane så store? Fleire av elevane er engasjerte, spesielt dei yngste er flinke til å koma med spørsmål, fortel Odd Olav.

Det er elevar frå 6. til 10. klasse som besøker utstillinga. Til no har Os skule, Kuventræ skule og Os ungdomsskule vore på omvising, etter vinterferien skal fleire skular innom.

Følgjer opp med lokal fotografering
Lill Siren Palm Frantzen underviser i kusnt og handverk ved Os ungdomsskule, og var med 9D på utstillinga fredag.

- Eg synes det var eit bra opplegg. Kanskje burde det vore delt opp med nokre stopp, der vi kommenterte og diskuterte før vi såg vidare på bilda, meiner ho.

Frantzen er ikkje sikker på korleis elevane i samfunssfagtimane skal følgja opp utstillinga, men fortel at når det gjeld kunst og handverk skal elevane få fotografera i Os og trena på bildebehandling.

- Då vil vi også sjå om vi finn eksempel på forureining i Os, og fotografera denne. Det kan bli litt i same gate som Osodi, med samanlikningar og kontrastar i lokalt perspektiv.

Nøss har omvising for skuleelevar, for grupper på bestilling og til fast tid (kl 14) for kven som helst dei to siste helgene utstillinga står, 13. og 14. mars og 20. og 21. mars.

Fleire saker