Lokal | 11. sep. 2009

OSSE i Os

Politisk reklame på TV var blant det dei to utanlandske valobservatørane ville diskutera i Os Rådhus i dag.

OSSE i Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. sep. 2009 10:23

Bildeserie:

1 av 2

Den norske Helsingforskomité har invitert 28 valgobservatører frå 12 forskjellige land i tidlegare Sovjetunionen til å observera gjennomføringa av Stortingsvalet 2009. Det er for andre gong Helsingforskomiteen gjennomfører valobservasjon med utanlandske observatørar.

Observatørane er i Noreg frå 4. til 16. september. I dag kom to av dei, Arben Idrizi frå Albania og Marija Babic frå Serbia, frå Fitjar til Os.

- Kvar er plakatane?
Dei to observatørane har erfaringar frå val i fleire land, Babic jobbar som konsulent og har dei siste 13 åra vore observvatør ved val både i eige heimland og i 22 andre land, blant anna Tyskland og USA.

- I Tyskland, som har val to veker etter Noreg, bugnar det over av reklame i gatene. Her ser vi ikkje eit flagg ein gong, sa Marija undrande.

Børge Lunde (H), Terje Søviknes (Frp) og Nils Olav Nøss (Ap) forklarte korleis dei dreiv valkampen, og at det stort sett var med annonsar i aviser, flygeblad og stands dei marknadsfører partia sine.

Små og store på TV
- Ved Stortingsval er TV viktigaste kanal ut til veljarane, sa Søviknes, og med det kom observatørane med spørsmål dei allereie hadde på blokka, synspunkt på politisk reklame på TV.

- Dette er eit aktuelt tema i fleire land, og eg har forstått det slik at også de i Noreg diskuterer dette?

- Som i mange andre sakar liker vi ting best slik det er. Vi vil ikkje at bruken av midlar til valkamp ikkje skal skalera så mykje som vi ser for oss at det vil gjera med bruk av TV-reklame. Reklame på fjernsyn kan dessutan gjera det vanskeleg for små parti å bli sett, om andre går tungt ut, sa Nils Olav Nøss (Ap).

Også Neverdal, som ikkje representerer noko parti når det er stortingsval, er skeptisk til reklame på TV. Ordføraren derimot, slo eit slag for å opna for reklame også i det han kallar det viktigaste medie under stortingsval.

- Samstundes kan vi seia at tv-redaksjonane og programleiarane har for mykje makt, når dei bestemmer både tema og kva representantar dei inviterer til debatt i sine program. Dei små partia blir sjeldan sett og høyrd på TV, så reklame kunne gjeve dei denne sjansen, sa Søviknes.

Krins og klagar
Blant andre ting gjestane frå OSSE var interesserte i, var storleiken på valkrinsane, tal på røystelokaler, valdeltaking, innsats for å få fleire unge til å stemma og framgangsmåte ved eventuelle klagar.

Representantane frå Os fortalte om dei 10 røystelokala, Os nord som største og Hegglandsdalen som minste, rundt 80 prosent frammøte ved førre val, skuledebatt og skuleval - og om klagane frå Kysthospitalet i Hagavik etter førre val.

- Listene til NKP låg ikkje i konvoluttane ved denne institusjonen, og klagane kjem først til oss i kommunen, så til fylket, forklarte Søviknes.

Dei to observatørane hadde eigentleg program ut dagen i Os, men må til Bergen i møte i 13-tida, og må derfor korta ned litt. Blant det dei var med på etter møtet i rådhuset i dag, var besøk til to som skal stemma heimefrå.

- Å stemma frå heimen sin er noko som har blitt meir vanleg også i andre land. Men blir det for mange som vil stemma frå heimen sin blir det nok ikkje sett på som eit godt teikn, sa Babic.

Etter valet skal observatørane samlast, diskutera notatane sine og skriva ein rapport. I denne rapporten kan Noreg få anbefalingar til korleis dei kan gjera vala endå meir "frie og rettvise".

Her kan du lesa meir om OSSE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.