Vêret i Os | 03. okt. 2025

Stengt veg og fleire straumbrot

BKK har fleire straumbrot i distriktet. Eitt av dei kom nyleg i Os.

Stengt veg og fleire straumbrot
Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. okt. 2025 22:59

Kulingen på Vestlandet skaper vanskar fleire stadar. Halhjem-Sandvikvåg blei nyleg innstilt og rundt 6000 er utan straum.

2078 av dei er i Os.

Skjermbilde av BKK sitt kart over straumbrot.
Skjermbilde av BKK sitt kart over straumbrot.

Området som er ramma strekk seg frå Moberg til Halhjem.

– Det er venta løyst klokka 02 i natt, estimerer BKK på nettsidene sine.

Det er òg straumbrot i Kvinnherad, på Tysnes, Hordnes, Bjornøyna og Haukeland i alt over 7000 abonnentar er utan straum.

Oppdatert kl 23.23: Mengda utan straum i Os er redusert til 1014. Dei som no er utan straum er sør på Søre Neset.

Oppdatert kl 23.50: No er det eit nytt straumbrot. Dette er i Os aust.

Der er det 824 abonnentar utan straum. Desse strekk seg frå Borgavegen og Hauge til Øvredalen. Også her er rettetida estimert til klokka 02.

Samtidig er mengda utan stram på Søre Neset redusert til 845.

Oppdatert kl 00.10: Avkøyringsveg på E39 på Moberg retning sør er stengt grunna greiner i vegen.

Oppdatert kl 00.32: Lepsøyvegen er delvis blokkert av greiner eller velta tre i Storumsbakken. Eit smalt felt er ope for trafikk.

Klokka 05.40 var Halhjem-Sandvikvåg i gang igjen.

Oppdatert kl 07.39:: Rødsliane, Hegglandsdalsvegen, er opna igjen. Velta tre/bussar førte til at vegen stengte kl 02.54 i natt.

Laurdag morgon er det framleis 86 på Lunde og 166 i Os aust (nord i Hegglandsdalen, Rød, Lønningdalen og Øvredalen) utan straum.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.