Lokal | 11. juli 2019

Over 60.000 kroner til Tunet

Gåveforskerkingsordninga, ei ordning det ikkje er semje om, kjem med midlar til Os sokneråd og Oseana.

Over 60.000 kroner til Tunet
Fleire har støtta utsmykking av Tunet. Regjeringa forsterkar gåvene med over 60.000 kroner. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. juli 2019 07:41

Gaveforsterkningsordningen ble etablert i 2014 og er et insentiv for kunst- og kulturinstitusjoner til å skaffe privat finansiering. Ordningen innebærer at private pengegaver blir forsterket med et statlig tilskudd på inntil 25 prosent av gavebeløpet. Gaveforsterkningsordningen er en ren stimuleringsordning og det er ikke knyttet noen fordelingskriterier til ordningen.

Gåver til kulturlivet i Hordaland blir i år forsterka med nesten 11,5 millionar kroner.

– Takka vera at Gaveforsterkningsordninga til kunst og kultur er styrka får kulturinstitusjonar i Hordaland rekordutbetaling i år, seier Silje Hjemdal (Frp) frå familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

- Gaveforsterkningsordninga er drahjelp frå Staten og eit etincitament til kunst- og kulturinstitusjoner til å skaffa privat finansiering til eigne prosjekt.

To mottakarar i Os

Harmonien (3 millionar kroner) og Festspillene i Bergen (1,7 millionar kroner) er dei største av dei 11 mottakarane frå ordninga, men to av gåvemottakarane i Os får òg fine summar.

Os sokneråd sine gåver frå 18 andre gjevarar (249.800 kroner) genererer 62.450 kroner i gåveforsterking.

Pengane skal gå til utsmykking i Tunet kyrkje- og kultursenter.

Oseana kunst- og kultursenter, som i fjor fekk over 700.000 kroner, får pengar i år òg, men ein noko lågare sum.

• Les òg: Rause gåver styrka av regjeringa

320.000 kroner frå Kavli som støtte til videostrøyming av framsyningar og 270.000 kroner i støte til drift frå Alutec genererer til saman 147.500 kroner til Oseana frå ordninga.

– Privat engasjement er viktig

Hjemdal seier ho gler seg over at privatpersonar, næringsliv og stiftingar ser verdien av kunst og kultur, og at dei engasjerer seg med økonomisk støtte.

– At kulturlivet får pengar frå andre kjelder enn det offentlege er sunt.

Frp har merkt seg at Arbeiderpartiet vil legga ned gaveforsterkingsordninga, blant anna fordi dei meiner den favoriserer kulturtiltak i storbyane.

– Eg synest listene over mottakarar i dei ulike fylka motbeviser dette, og at det å legga ned ordninga er eit uttrykk for skepsis til privat engasjement, seier Hjemdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.