Næringsliv | 06. jan. 2010

Overbelasta

Kulda skapte ny rekord i straumforbruk, overbelasting og straumbrot i store delar av Os onsdag morgon.

Overbelasta
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. jan. 2010 08:52

Onsdag morgon klokka 8.16 gjekk straumen.

- Dette passar veldig dårleg no når det er så kaldt, sa ein innringar frå Søre Neset til Midtsiden.no.

Kulda har også skulda. I natt blei det målt 11,3 minusgradar på vêrstasjonen på Florida i Bergen, det nest lågaste som nokosinne er målt. Rekorden er 11,5 minus i 1987.

Fleire stadar rundt Bergen var det mykje kaldare, Midtsiden.no sin gradestokk viste 14 minus i 8-tida.

- Straumen gjekk i store delar av Os. Årsaka til straumbrotet var overbelasting, men vi fekk heldigvis tatt ei omkopling ganske raskt, så 7-8 minutt seinare var straumen tilbake, seier Øystein Økland frå BKK til Midtsiden.no.

Han hadde ikkje tala hos seg der han sat, men fortel at det i løpet av siste døgn er sett ny rekord i straumforbruk.

- Det er ganske vanleg med ekstra stor belasting på straumnettet i 9-tida, når industrien startar opp, butikkane opnar og folk heime skrur opp varmen og tar seg ein dusj. No ser det ut som om osingane er litt tidlegare i gong med dagen, sidan straumbrotet kom allereie kvart over åtte, seier Økland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.