Sport | 09. mars 2011

Overnatta i løypa

Ski-VM blei ein stor suksess for Noreg. Ein gjeng frå Os har ekstra gode minne frå arrangementet.

Overnatta i løypa
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. mars 2011 06:37

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 8
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Årets ski-VM er over. Vertsnasjonen Noreg står igjen med 8 gull, 6 sølv og 6 bronse, fleire gull- og sølvmedaljar enn nokon gong tidlegare.

Ein gjeng med små og store gutar frå Os sit igjen med ekstra gode minne frå opphald med overnatting 100 meter frå løypa.

- Eg fekk veta om tilbodet via venar i sykkelmiljøet som annonserte det på facebook. Svein Bergheim, mannen bak Tour of Norway for Kids hadde rigga ein av fleire leirar i skogen nær Frognerseteren.

- Sykkelleverandør Tom-Roar Solhaug frå Kaland samla ein grei tropp frå Os, fortel Tom Kittelsen.

Med seg hadde han sonane Tinius og Liam og venane Helge Breivik, Øyvind Blindheim og Helge Sandven, som også hadde med sine gutar, Nils Henrik, Martin, Rune og Ørjan.

Starta med Madcon

Tom og gutane starta VM-opphaldet med å sjå premieutdelinga og Madcon-konserten i Oslo sentrum torsdag kveld. Fredag ettermiddag gjekk turen med t-banen opp til leiren.

- Det var sett opp 10 lavvoar for overnatting og ein større med matlaging og TV. All mat og drikke var inkludert i prisen, som var på drygt 1000 kroner per døgn for vaksne og nokre hundrelappar for ungane.

Pressen og Pølsa

I vikingleiren var det ikkje berre tilskodarar som samla seg, spesielt utanlandsk presse syntes det var spennande med smågalne nordmenn i telt.

- Eit tysk TV-team følgte oss frå laurdag kveld til søndag morgon, dei fekk med seg både kveldsmaten og frukosten, fortel Tom.

Medan fotografane vrimla rundt telta kom plutseleg deltakaren Øystein «Pølsa» Pettersen innom. For å overnatta.

- Han hadde visst ikkje fått sova etter at han var ute av VM, og hadde høyrt om leiren. Han var kjempeflink med ungane, signerte autografar og tulla med dei, så det blei ein kjekk bonus på turen med Pølsa som leirmedlem.

Ny camp i Italia?

Med lavvo hundre meter frå løypa og knappe ti meter frå treningsløypa blei det samtalar med fleire utøvarar. Gjengen frå Os møtte også arrangørane av komande VM, arrangørane frå den italienske skidestinasjonen Val di Fiemme.

- Dei blei veldig gira på desse vikingleirane og spurte Bergheim om ikkje han kunna koma til Italia i 2013. Dei skulle legga alt til rette for han visst dei fekk tilsvarande liv i skogen rundt løypene.

- Blir det sånn leir i Val di Fiemme så kan det godt henda at gutegjengen frå Os må i lavvo igjen i 2013, seier Tom Kittelsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.