Kultur | 19. juni 2010

Overraska vinnar

Det var tre overraska damer som laurdag kveld mottok Frode Vidars frivillighetspris 2010.

Overraska vinnar
Andris Hamrelørdag 19. juni 2010 19:57

Bildeserie:

1 av 5

I samband med den nystarta Frode Vidars Festivalen blei det laurdag kveld delt ut ein frivillighetspris. Prisen blei delt ut for første gong. Heile 18 personar/lag blei nominert til prisen. Fire av dei kom til finalen. Desse var Sigrid Tvedt, Søfteland Rock n'LOL, Søre Neset Sanitetsforening og Os og Kuventræ Skulekorps.

Berre Søfteland Rock n'LOL og Søre Neset Sanitetsforening hadde funne tid til å vere tilstades på laurdagens gallaforestilling på kaien ved Peppes.

- Sigrid skulle vunne
Frode Sirevåg og Vidar B. Mæland som utgjør svensktoppduoen Frode Vidars har i samanhang med deira eiga festival skipa til ein Friviljugheitspris.

Søre Neset Sanitetsforening fekk prisen. I takketala sa dei at hadde det vore opp til dei hadde ei av dei andre nominerte - Sigrid Tvedt - vore vinnaren.

- Det var ho som nominerte dykk, kunne Vidar då fortelja.

God stemning, men vindfullt
Det var god stemning med eit variert program frå scenen på Peppes laurdagskvelden. Hadde berre vinden løya hadde det vore ein fantastisk kveld ved Bjørnefjorden.

Vinden la likevel ikkje demper på dei musikalske bidraga, toppa med eit fantastisk bidrag på trommer frå Magne Lunde. Sjeldan har Ospublikummet opplevd ein solo av så høg klasse, på eit instrument ein vanlegvis ikkje forbind med solo-opptreden.

- Eg er svært nøgd med festivalen. Det har gått over all forventing kunne ein stolt Frode Sirevåg fortelja Midtsiden laurdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.