Lokal | 21. mai 2012

Øya rundt i finvêret

For 19. gong blei Lysøen rundt arrangert sundag. 736 fann vegen over fjorden for å delta på marsjen.

Øya rundt i finvêret
Det var stor deltaking ved årets Lysøen Rundt (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 21. mai 2012 12:11

Kvar vår inviterar Museet Lysøen, Lysefjorden idrettslag, og i år Lysøens vener, til turmarsj på skjellsanddekka stier i Ole Bull sitt rike.

- Dei siste åra har det vore 5-600 som har tatt vegen, nesten uansett vêr, fortel Berit Høgheim på Lysøya.

I år fekk dei full klaff med vêret og dermed òg eit auka deltakertal. Heile 736 små og stor tok turen med "Ole Bull" frå Buena, eller nytta den nye gjestebrygga ved gamletunet.

- Det blei litt kø og venting for å koma med båten, men eg har inntrykk av at folk tok det med godt humør.

- Folk koste seg rett og slett i finvêret, smiler Høgheim.

Tulla med løypa

Den nesten 4 km lange løypa snodde seg villaen nordover på øya, via Lysevågen og Lysevatnet, oppom tårnet og tilbake til villaen.

- Nokre "artige" sjelar hadde det morro med å endra merkinga i eit kryss, så det var diverre nokre av deltakerane som fekk ei ekstra sløyfe.

- Vi skjønte det var noko galt når det kom deltakarar som ikkje hadde vore innom alle oppgåvene underveis og sendte ut ei patrulje for å sjå kva som kunne vera årsaka.

Høgheim fortel at dei rakst fekk retta opp i feilen og at alle kom seg vel til mål.

St.Hansfest på Lysøya

Rundt løypa hadde arrangørane laga ni oppgåver ein skulle svara på. Slett ikkje alle lot seg googla om ein blei frista til det. Kunnskap om Ole Bull var definitivt ein fordel.

- Oppgåvene var nok litt vanskelege, i og med at det berre var 7 som fekk alt rett, innrømmar museeumssjefen.

Tildømes eit spørsmål om kor Ole Bull feira St.hans eitt spesielt år. Mange trudde nok at han gjorde som han pleide, nemleg å feira med bål på toppen av Lyshornet, men nett dette året var vêret så dårleg at Ole Bull like greitt inviterte Lysefjordingane ut til øya for å feira.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.