Kultur | 20. juli 2010

På omvising i Oseana

Tre gåver på til saman éin million kroner har kome inn til Oseana. I dag var vi med Terje og Gustav på omvising.

På omvising i Oseana
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. juli 2010 14:27

Bildeserie:

1 av 22

I vår fekk Terje Søviknes og Andreas Lien frå Melvær og Lien inn 2,6 millionar kroner frå næringslivet i støtte til Oseana. I tillegg sikra dei 10 millionar kroner i rentefritt lån, dersom det skulle bli naudsynt.

- Vi håper vi slepp å låna, men det er likevel trygt å veta at pengane står der, seier ordførar Terje Søviknes.

I dag var vi med Søviknes og leiar i plan- og bygningsutvalet, Gustav Bahus, på synfaring på Oseana. Sjå bildeserie over.

Samleside:
Alle Midtsiden sine saker om Oseana

Gåvmilde Lyssand og Galtung
I slutten av juli kom det inn nok ein million, som resultat av «turneen» Søviknes og Lien har vore på, OKK-kampanjen del to.

- Lyssand Gartneri har med gåve på ein halv million kroner blitt «Oseana Ambassadør». I tillegg har begge Døsvig-familiane, selskap eigd av Knut Galtung Døsvig og Einar Galtung Døsvig, auka sine bidrag frå 250.000 kroner til 500.000 kroner, og blitt «ambassadør».

- Vi har også tett dialog med rundt 10 andre potensielle gåvegjevarar. Dei fleste samtalane har kome så langt at vi er på kontraktsnivå.

Fylket på hugget
I tillegg til å jakta på yttarlegare 15-20 millionar frå næringslivet håper Os kommune framleis på rundt 15 millionar kroner i støtte frå staten.

Denne veka tok Hordaland fylkeskommune kontakt for å få eit møte med leiinga i kulturdepartementet.

- Fylkeskommunen vil diskutera Oseana og nokre andre komande store prosjekt med departementet. Det kan vera med på å sørgja for at vi ikkje blir hoppa bukk over fleire gongar.

Eit jafs i reservepotten
Oseana jobbar etter vedtatt budsjett, men styret har notert ei bekymringsmelding på grunn av høgare bruk av reservemidlar enn venta i forhold til framdrifta.

- Vi har ein reservepott på 12 millionar kroner. Eg har ikkje eksakt tal her, men over halvparten er brukt.

- Ein del gjekk med grunna den lange, snøtunge vinteren. Feilrekning av masser er ein annan årsak til at byggearbeidet til no har blitt dyrare.

At det har gått meir betong og armering med enn venta er noko Oseana-styret vil ta vidare med konsulenten som rekna på dette i forkant av anbodsprosessen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.