Sport | 23. okt. 2013

På pallen i Vikedal

Var småfrekk i sin første A-finale: Karoline Breivik avslutta sesongen på best mogleg vis.

På pallen i Vikedal
Karoline Breivik kom i helga på pallen i A-finalen for første gong. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. okt. 2013 08:29

Bilcrosskjørar Karoline Breivik (17) frå Os har runda av ein god og spennande sesong, hennar andre bak rattet.

Dei to siste helgene har ho kjørt klubbløp på Eikås, der ho fekk 9. plass av 16 startande, og eit imponerande jubileumsløp i Vikedal.

– Det blei ei fin helg med feiring av at det er 30 år sidan første gong det blei kjørt bilcross-løp i Vikedal, fortel coach og bestefar Håvard Gåssand frå Team Karoline.

Dette blei også Karoline sitt beste løp nokosinne.

3. beste av 22

Etter fleire innleiande heat laurdag og søndag tok ho seg til ein av dei tre semifinalane, der dei to beste i kvar semifinale gjekk til A-finale.

– Ho leia semifinalen i to rundar før ho fekk ein forbi seg. Karoline har vore nær A-finale fleire gongar, og no heldt 2. plassen heilt inn og ho blei kvalifisert.

Av 6 kjørarar i A-finalen låg Karoline lenge på 4. plass. Men i nest siste sving tok ho ein frekk ein og smatt forbi bilen framfor.

– Karoline har ord på seg å kjøra reint og fint med gode sporval, er sjeldan borti andre bilar og har gjennomført alle løpa ho har deltatt i, også då ho rulla rundt.

– Eg var litt spent då ho gav bilen framfor eit lite puff i hekken før ho kapra pallplassen, men det gjekk bra.

Frå bilcross til rallycross

Håvard synest det er ein ekstra stor prestasjon å ta 3. plass med den motoren Karoline har i bilen.

Til neste år blir det fleire hestekrefter og ein annan klasse for den unge motorsportutøvaren frå Os.

– Vi har kjøpt rallycross-bil no, og vil bruka vinteren på både å bygga tre bilcrossbilar, der nokre av dei truleg blir selt, og på å gjera klar rallycross-bilen.

– Det blir nok kjørt nokre lokale bilcross-løp neste år, men hovudprioriteringane blir NM-rundane i rallycross.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.