Lokal | 16. aug. 2014

Påkjørt hjort på Søfteland

Politiet fortel om aggressiv kjøring på Halhjem, promillekontroll i Hjellemarka og påkjørt hjort på Søfteland.

Påkjørt hjort på Søfteland
Halhjemsvegen. (Arkvifoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 16. aug. 2014 09:18

Fredag og natt til laurdag var roleg for politiet i Os.

Men dei var raskt på plass då dei fekk melding om høg fart og aggressiv kjøring mot Halhjem i 19.20-tida.

– Vi stoppa vedkomande, som fekk muntleg åtvaring.

I natt, frå klokka 00.20, hadde politiet dokument- og promillekontroll på E39 i Hjellemarka.

16 blei kontrollert, men det blei ikkje funne noko å reagera på.

Klokka 02.40 kom det melding om påkjørt hjort på Søfteland.

Viltkontakt fekk oppdrag med å rykka ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.