Politi | 27. mai 2023

Tok beslag i lappen til bussjåfør

Mann i 70-åra påkøyrd av buss.

Tok beslag i lappen til bussjåfør
Politiet rykte ut til Halhjem ferjekai i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. mai 2023 07:08

Fredag i 15.20-tida, mens årets lengste kø til pinseferie og handballcup heldt på å bygga seg opp forbi Moberg mot Skogafjellstunnelen, var det eit trafikkuhell på Halhjem ferjekai.

Ein mann i 70-åra blei påkøyrd av ein buss.

– Den påkøyrde er bevisst og oppegåande, og det blir ikkje sendt ambulanse eller brannvesen til staden, skreiv Vest politidistrikt på Twitter.

I dag oppdaterer lokalt politi med at det ikkje er mistanke om promille, og at det blei tatt beslag i førarkortet til bussjåfør, ein mann i 30-åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.