Politi | 15. okt. 2021

Fleire parkeringsbøter på Halhjem

I tillegg fortel politiet om påkøyrd hjort og avskilta bil i løpet av gårsdagen.

Fleire parkeringsbøter på Halhjem
Politiet er med ujamn frekvens utom Halhjem ferjekai for å sjekka parkeringsforholda. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. okt. 2021 07:52

Politiet var i 05-tida i natt utom Halhjem ferjekai og sjekka parkeringsplassane, og fann enkelte å reagera på.

– I alt blei det skrive ut fire gebyr. Dei skal ha stått parkert på fortau, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Etter at prisane auka, men passasjerar fekk reisa gratis, har det i periodar vore trangt om plassen på Halhjem.

Patruljen var òg på Søfteland og avskilta ein bil i Storestraumen. Årsak var at denne var ilagt bruksforbod.

– I løpet av gårsdagen blei det funne ein død hjort ved Langavatnet på Drange. Dette blei varsla klokka 15.59. Viltkontakt blei varsla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.