Politi | 20. apr. 2023

Påkøyrd skilt - påkøyrd rev

Den eine påkøyrsla blei filma.

Påkøyrd skilt - påkøyrd rev
Hjort er vanleg observasjon ved ny E39 i Svegatjørn. I går blei ein påkøyrd rev funnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. apr. 2023 10:38

Onsdag rundt klokka 13.45 blei eit skilt som tilhøyrer Pizzabakeren i Byvegen køyrd ned.

– Det er video frå staden, og forholdet blir meldt, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det er tidlegare observert mykje hjort langs ny E39, men også oter og rev.

Klokka 03.45 natt til torsdag fekk politiet melding om funn av påkøyrd rev på E39.

– Reven låg død rett utanfor Skogafjellstunnelen retning frå Os mot Bergen. Vegtrafikksentralen blei varsla.

Onsdag i 12-15-tida kontrollerte politiet ein bil i Os sentrum.

Bilen blei avskilta grunna manglande EU-godkjenning. Eigar er ein mann i starten på 20-åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.