Næringsliv | 29. apr. 2017

Pangstart for Havnechefen

Både restauranten og uterestauranten i nybygget på Torget blei fylt raskt opp under dagens opningsfest under Vårsleppet i Os sentrum.

Pangstart for Havnechefen
Nyopning og Vårslepp skapte fullt hus inne og ute på Havnechefen i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. apr. 2017 12:25

Bildeserie:

To minutt før opning. Takterrassen blir ferdig i mai. (Foto: KVB)
To minutt før opning. Takterrassen blir ferdig i mai. (Foto: KVB)
Marianne, Frank og Ghader i full sving på kjøkkenet. (Foto: KVB)
Marianne, Frank og Ghader i full sving på kjøkkenet. (Foto: KVB)
Christine og Kine klare til å ta imot gjestane. (Foto: KVB)
Christine og Kine klare til å ta imot gjestane. (Foto: KVB)
Reidun, Susanne og Lena. (Foto: KVB)
Reidun, Susanne og Lena. (Foto: KVB)
Endeleg kunne dørene i Torgbygget «Osroso» opna. (Foto: KVB)
Endeleg kunne dørene i Torgbygget «Osroso» opna. (Foto: KVB)
Restauranten blei raskt fylt opp. (Foto: KVB)
Restauranten blei raskt fylt opp. (Foto: KVB)
Næringssjef (i bakgrunnen) med næringsvet. (Foto: KVB)
Næringssjef (i bakgrunnen) med næringsvet. (Foto: KVB)
Ta med heim - Havnechefen er forhandlar for Godt Brød. (Foto: KVB)
Ta med heim - Havnechefen er forhandlar for Godt Brød. (Foto: KVB)
I eit gamalt trau frå Osterøy. (Foto: KVB)
I eit gamalt trau frå Osterøy. (Foto: KVB)
Økologisk vin frå golv til tak. (Foto: KVB)
Økologisk vin frå golv til tak. (Foto: KVB)
Baka sjølv? (Foto: KVB)
Baka sjølv? (Foto: KVB)
Kokken har allereie tolv ulike typar urter som gror godt. (Foto: KVB)
Kokken har allereie tolv ulike typar urter som gror godt. (Foto: KVB)
1 av 12

Dei første kundane kom inn døra i det den opna klokka 10 i dag, ein god time seinare var det fullt hus.

Fire månadar bak skjema sto bygget klart nok til ein «varsam» opning.

– Det blei ein travel innspurt likevel, seier kokk og medeigar Frank Vasby Bruarøy.

Han sto til klokka 2 i natt for å preppa opp varer til opningsdagen, og for å laga klar catering til ein konfirmasjon som skulle leverast i dag.

Med seg på kjøkkenet har han fått Ghader frå Syria, som har fartstid som kokk i den store, syriske hamnebyen Latakia.

Nytt og heimelaga

Den over 100 kvadratmeter store takterrassen skal byggast ferdig i mai for offisiell opningsfest siste helga i mai.

Drivarane har nytta ventetida godt. Møblar er monterte, bord er pussa, gamle eplekassar frå Utne og eit trau frå Osterøy utgjer delar av innreiinga.

Havnechefen startar med ein redusert meny, og vil utvida framover mot offisiell opning. Utvalet er supplert med økologiske salsvarer, juice, bakst og mjøl frå Godt Brød.

I restauranten er òg ein stor kultivator (innandørs drivhus), der tolv ulike urter allereie har byrja å spira godt.

– Det er kjekt med fint vêr på opningsdagen, men det skal bli godt med endå høgare temperatur, ferdig takterrasse og full drift på den nye ismaskina vår med italiensk is og yoghurt-is, seier dei etterkvart så travle havnechefane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.