Par redda seg ut av hus i brann
Ein einebustad i Hegglandsdalen var nær på å bli fullstendig overtent i natt. Brannvesenet er framleis på staden.
Klokka 03.39 natt til fredag rykte Os brannvesen ut på ein bustadbrann i Hegglandsdalen.
– Heile huset var fylt med røyk då vi kom fram. Det vaksne ekteparet som bur i huset hadde kome seg ut, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Dei to skal nyleg ha kjøpt nye røykvarslarar, men det skal ikkje vera desse dei vakna av.
– Dei fortalte at dei vakna av at dei hosta. Eg vil oppmoda alle om å sjekka at røykvarslarane faktisk fungerer som dei skal, seier Gjøsund.
– Ekteparet blei kjørt til legevakt for sjekk, opplyser politioverbetjent Audun Hdler-Olsen.
Strategisk plassert
Røykdykkarar kom seg raskt inn og konstaterte at brannen var i ferd med å spreia seg frå kjellar og opp i hovudetasjen.
Det var fare for at den energirike brannrøyken skulle tenna, noko som ville ført til overtent og totalskadd hus.
– Røyken tente òg, men då sto røykdykkarane strategisk plassert og fekk slått den ned med éin gong.
Ba om backup frå Fana og Samnanger
I tilfelle brannen skulle utarta seg ba Os brannvesen om støtte frå Fana, som sendte røykdykkarar til staden.
Då Hegglandsdalen ikkje har vatn å kopla seg på, ville Gjøsund også ha ein ekstra tankbil for hand.
– Vi klarte oss med vår eigen, men om sløkkearbeidet hadde tatt lengre tid kunne vi risikert å stå der utan vatn. Då er det godt å ha gode naboar, og å kalla dei inn i forkant.
Store røykskadar
Det var krevjande forhold å sløkka i, men takka vera god innsats av Os brann- og redningsteneste er huset redda. Bustaden har fått store røykskadar og er førebels ikkje ein stad å bu.
Brannvesenet er framleis på staden.
– Det kom mykje røyk også etter sløkkinga var over. Vi står igjen for å vera trygge på at alt er sløkt. Det er betre å stå nokre timar for lenge enn å gå eit kvarter for tidleg.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.