Meining | 23. aug. 2021

Parkering: Kvifor endra på noko som fungerer?

Lesarbrev: Vi håper fleirtalskoalisjonen lyttar og snur i tide.

Parkering: Kvifor endra på noko som fungerer?
Terje Søviknes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. aug. 2021 13:16

Den siste veka har det vore mykje debatt om parkering og køyremønster på Osøyro. I Liv i Bjørnafjorden-møtet onsdag vedtok fleritalspartia, med AP, SP, MDG og SV i spissen, å forby all parkering på brusteinen i sentrum samt stengja for gjennomkøyring i Bydraget mellom Dragesethjørnet og Hamnechefen.

Dette er store og drastiske endringar for Osøyro. Ikkje overraskande førte vedtaket til sterke reaksjonar frå handelsstanden i sentrum.

Ein handelsstand som har opplevd ei positiv utvikling sidan opprustinga av Bydraget med nytt dekke, baldakinar, lyssetting og torgareal vart ferdigstilt. Fleire butikkar har kome til, og omsetninga har auka. I det store og heile verkar det som innbyggjarane har funne seg godt til rette med einvegskøyrd gate inn frå vest, samt kortidsparkering framfor Apotek 1, Os Blomsterservice og Madam Ane.

Difor røysta FrP og H for å oppretthalda korttidsparkeringa og køyremønsteret i sentrumskjerna slik det er i dag.

I tillegg ynskte vi å opna for 3 timars gratis parkering i det nye parkeringshuset v/Os kyrkje for å gje eit enda betre tilbod til dei som har meir tidkrevjande ærend i sentrum.

FrPs analyse av parkeringssituasjonen i sentrum kan oppsummerast slik;

  • Hovudprioritet må væra å få på plass handheving av parkeringstidene slik at ein får flytta arbeids- og pendlarparkering ut i ytterkant av sentrum og sikra sirkulasjon på plassane som er tiltenkt besøkjande til Osøyro
  • I sentrumskjerna bør ein oppretthalda alle dei parkeringsplassar ein kan for kortidsparkering, også framfor Baronsgården. Dei få dagane i året ein treng dette arealet til større torg- eller marknadsarrangement kan ein midlertidig fjerna parkeringa.
  • Køyremønsteret i sentrum bør ikkje endrast før ein ser effekten av det nye parkeringshuset v/Os kyrkje. Å dela sentrum i to med «bom» mellom Dragesthjørnet og Hamnechefen er ei dårleg løysing. Vi bør invitera gjester og handlande inn i sentrum frå flest mogeleg gateløp, dvs. både frå aust i Brugata, frå sør via Torggata, frå vest via Bydraget og frå nord via Giskavollen og det nye parkeringshuset.
  • På lang sikt må ein arbeida vidare med ytterlegare parkeringskapasitet i fjell under Mobergshaugane, - gjerne i kombinasjon med ein ny kollektivterminal.

Kommunen har i etterkant av Liv i Bjørnafjorden-møte vært ute og presisert at det p.t. ikkje er fatta formelle vedtak om 30 minutts korttidsparkering og skiltplan for sentrum. Det er nok rett, men frå FrPs side får ein då få dette formelt på plass, i tråd med det som no fungere bra for sentrum, heller enn å snu opp ned på alt og risikera at den positive utviklinga for Osøyro snur.

Kommunens jobb er uansett å leggja til rette for handel og aktivitet i sentrum. Difor må vi lytta til dei som har skoen på, dei som driv handel og tenesteyting på Osøyro.

Den dialogen var også grunnlag for prosjekt Liv på Øyro som resulterte i spleiselaget for oppgradering av Bydraget, fasadeløft og nyetableringar i sentrum.

At politisk leiing og samarbeidspartia ikkje har hatt dialog med næringslivet i forkant av møtet i Liv i Bjørnafjorden sist veke vitnar om slett politisk handverk.

Vi vonar uansett at ordførar og resten av fleritalskonstelasjonen lyttar til handelsstanden på det tillyste møtet med sentrumsforreninga måndag kveld, og at ein snur i tide slik at den positive utviklinga for Osøyro kan halda fram.

Kvifor skal ein endra på noko som fungerer?

Terje Søviknes
Gruppeleiar Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.