Vert det likevel parkeringshus her? (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Parkeringshus i sentrum: Blir det grusbanen likevel?

Ny prosjektgruppe rettar fokus i gamal retning. 

image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Fredag var det møte i ny prosjektgruppe for sentrumsutvikling. Gruppa erstattar «Liv på Øyro» og «Hamneutvalet», som fram til juni i år har jobba med kvar sine prosjekt.

Gruppa, beståande av representantar frå alle dei politiske partia, politisk leiing, administrasjon og ulike einingsleiarar, skulle sjå på vegen vidare for ein Liv på Øyro-versjon 2.0 gjennom følgjande prosjektmandat: Prosjektet skal bidra til utvikling av neste fase i arbeidet med revitalisering av Os sentrum og Liv på Øyro og sikra god samhandling og framdrift, internt og eksternt.

Prosjektet skal ha fokus på utvikling, samordning og gjennomføring av tiltak som fører til at Osøyro blir eit velfungerande kommune- og regionsenter med attraktiv handel, variert næring, gode kulturopplevingar og varierte bukvalitetar.

Eit av punkta under dagens møte var status for parkeringshus og parkeringssituasjonen i Os sentrum. Til grunn for saka låg eit vedtak frå Plan- og bygningsutvalet 21.06.2018 kor 5 mot 4 røyster (2Ap, 1TvS, 1KfrF) vedtok å legga framlegg til detaljregulering for parkeringshus ut til offentleg høyring.

Prosjektsjef ved prosjektavdelinga, Halvor Hanevik, kunne fortelja at det framleis står att mykje tid og arbeid før ein kan ta eit nytt parkeringshus i bruk. Mellom anna må ein setja av naudsynt areal til framtidig kloakkpumpestasjon til erstatning for dei som i dag er i sentrum, og som skal relokaliserast. Det må i tillegg setjast av naudsynt areal i parkeringshuset til mogeleg plassering av framtidig bossugsentral for sentrum.

• Siste: Moglegstudie av nytt parkeringshus (september 2018)

Hanevik kunne òg fortelja at Statens vegvesen har signalisert interesse for korleis ein skal løysa trafikkavviklinga rundt eit nytt parkeringshus. Mellom anna vil eit parkeringshus med meir enn 200 plassar løysa ut eit rekkefølgjekrav kor ein i tillegg må byggja om dagens eksisterande rundkøyring. 

Fylkesmannen på si side har kommentert at planen framleis ikkje er spesifikk nok på bruken av bygget, til dømes ser Fylkesmannen for seg første etasje til næring. Fylkesmannen har òg lagt inn kommentarar på venteplass for buss, universell utforming, manglande rekkefølgjekrav og tilkomst til ei sykkelparkering.

Semje om akutt parkeringsbehov 

Med den heller langdryge løysinga på parkeringsløysing for Os sentrum som utgangspunkt var det ordet fritt rundt bordet. 

Blant dei som i dag var tydeleg på at det hastar med utvida parkeringskapasitet, og at parkeringshus på Circle K- og brannstasjontomta kanskje ikkje er smartaste val, var varaordførar Marie Lunde Bruarøy (H).

Etter å ha hamna frå ordførarkontoret og tilbake i frisørsalongen har ho fått tettare kontakt med brukarane av Os sentrum, og tilbakemeldingane er samstemte; dagens situasjon er uhaldbar. Det er vanskeleg å finna parkeringsplassar i og nær sentrumskjerna, eit parkeringshus ligg for langt fram i tid - og skissene som til no har kome ser ikkje ut til å bli eit løft for Os sentrum.

Fleire av medlemmene i styringsgruppa heiv seg inn i debatten, og alle med same oppfatninga; dette tek for lang tid, og dette må vi gjera noko med no!

Ordførar Terje Søviknes (Frp) var raskt ute med å råda styringsgruppa til å ta stilling til to val;

– Vi må diskutera om vi skal gå inn 100 % for parkeringshus på Cirkle K/ brannstasjon-tomta, eller om vi skal sjå attende på den planen som gjeld eit parkeringshus under grusbanen ved Os ungdomsskule. Her er vi i mål med reguleringsplanen, og vi kan koma kjapt i gang med arbeidet.

Søviknes såg då for seg ei løysing kor det vert tilrettelagt for kortidsparkering (med asfaltering og oppmerking) på på den noverande plassen kor Cirkle K sto, samt eit på det arealet som vert løyst ut når Allaktivitetshuset/den gamle brannstasjonen etterkvart vert riven.

God politisk verkstad

Prosjektsjef Hanevik kunne fortelja styringsgruppa at dei allereie hadde rekna på kor mange parkeringsplassar ei løysing utan parkeringshus ville innebera.

– Det er lagt til grunn 150 plassar i reguleringsplanen for eit parkeringshus under grusbanen, og legg ein til plassane ved Cirkle K og Allaktivitetshuset kjem ut med ein total på 240 plassar.

Harald Døsen (Ap) lurte då på om ein ikkje kunne utvida eit parkeringshus under grusbanen med fleire etasjar mens ein først var i gang. Kanskje ein kunne leggja ei ny fotballbane/ uteareal for Os ungdomsskule på taket av eit eventuelt bygg?

Til dette var svaret tydeleg frå  Søviknes og prosjektleiar Hanevik; vi bør handla innanfor den reguleringsplanen vi har, noko anna vil forseinka den moglegheita vi no har. 

Nils Anders Nøttseter (MDG) var tydeleg på at han ikkje var nøgd med det som no låg på bordet.

– Eg er klar for ein runde nummer to på dette, altså å sjå på løysinga med å gå attende til planane for grusbanen, og samstundes nytta arealet ved Circle K og Allaktivitetshuset til overflateparkering. 

Nøttseter var samstundes tydeleg på ansvaret som låg på politikarane:

– Eg er ikkje for overflateparkering, men vi har ei utfordring som vi må visa vilje til å løysa no! Vi må heller ikkje hasta oss inn noko som vi angrar på om 40 år. 

Nøttseter understreka òg dei trafikale utfordringane som allereie ligg rundt Os barneskule, spesielt når alle elevane skal til skulen om morgonen, og dette måtte takast seriøst i vidare arbeid med saka.

Søkjer mandat på tysdag

Avslutningsvis kunne ordførar Søviknes informera om at det er Opplysningsvesenets fond som i dag i dag eig tomta grusbanen ligg på, og ein må venta at festeavgifta vil auka om ein går for ei løysing med parkeringshus der. 

Søviknes sa seg einig med Nøttseter (MDG) i at overflateparkering ikkje er ideelt, men at ved å gå for denne løysinga vil Os kommune sitja på gode planerte areal, om ein skulle velja å sjå på saka på nytt i framtida.

Kultursjef Lisbeth Axelsen førebudde òg gruppa på at ei eventuell graving på grusbanen kan løysa ut funn av historisk og arkeologisk karakter, slik at dette kan leggja inn forseinkingar i arbeidet.

Ei samla gruppa vart samd om å søkja mandat i førstkomande kommunestyremøte for å jobba vidare med denne løysinga, slik at parkeringsproblema i Os sentrum får den snøggaste løysinga.   

Fleire saker