Lokal | 06. okt. 2016

Parkeringskaos i finvêret

Finvêret skaper parkeringskaos ved populære turmål på Tøsdal og Lysekloster. – Ta omsyn når de sett bilen frå dykk, oppmodar kommunen.

Parkeringskaos i finvêret
Ved Lysekloster-ruinane er det trangt om plassen på fine utfartsdagar (lesarbilete)
Andris Hamretorsdag 06. okt. 2016 13:06

Bildeserie:

Møtelommene er ofte fylt av parkerte bilar (lesarbilete)
Møtelommene er ofte fylt av parkerte bilar (lesarbilete)
Folk parkerar der det er mogleg (lesarbilde)
Folk parkerar der det er mogleg (lesarbilde)
1 av 2
Møtelommene er ofte fylt av parkerte bilar (lesarbilete)
Folk parkerar der det er mogleg (lesarbilde)

Dei to siste helgene har osingane vore velsigna med nydeleg turvêr, noko som har skapt parkeringsutfordringar på dei mest populære utfartsplassane.

Eg køyrer forbi Lysekloster kvar dag og folk parkerar heilt idiot når det er fint vêr og mange skal på fjellet. No står bilane parkert heilt innpå ein ellers så smal veg, møtelommene er alltid fulle. I dag står ein bil med alle fire hjula inne på vegen. Eg vil gjerne at brannbilen skal kunne komma til om det brenn heime, skreiv ein Midtsiden lesar til oss sist søndag.

Lovleg parkering

Teknisk sjef Marianne Kramer, som har ansvaret for samferdsel i Os kommune, fortel at dei er vel kjend med problemet.

– Det er ikkje berre enkelt å løyse. Vi vil jo at folk skal bruke naturen og gå på tur. Så lenge det ikkje er skilta parkering forbode, så har ein lov til å parkera langs vegen. Men det er klart at ein må ta omsyn og ikkje parkere på ein slik måte at ein hindrar anna trafikk.

– Det som derimot ikkje er lov, er det som har vore eit problem på Tøsdal kor folk har parkert på jordene, forklarar Kramer.

Jobbar med løysingar

Ho fortel at dei frå fleire hald i kommunen jobbar med å finna gode løysingar kring parkering på dei populære plassane.

– Både vi, og andre einingar i kommune, prøver å sjå på ulike løysinger og forslag, men det tek noko tid. I høve Lysekloster og området rundt ruinane, så prøver vi å få til eit samarbeid med vegvesenet siden dette er ein fylkesveg.

– På Tøsdal og langs Tøsdalsvegen, så jobbes det heilt konkret med eit forslag for å avlasta parkeringa innerst i dalen. Der veit eg at Tom Leonsen på kultureininga om ikkje så lenge vil legga fram ein sak for formannskapet, seier Kramer.

Treng tre meter

Brannsjef Stein Gjøsund fortel at dei ikkje har opplevd problem med å komma fram med brannbilane så langt.

– Det har vore eit større problem i sentrumsområdet vinterstid når det har vore brøytekantar og folk har parkert ute i vegen.

– Folk skal vera klar over at vi treng tre meter brei vegbane for å komma fram med brannbilane. Dette er òg hjemla i plan- og bygningslova. Om ein opplever at vegen er smalare enn tre meter grunna feilparkerte bilar bør ein umiddelbart ringa politiet, slik at dei kan ta tak i det.

Tenk konsekvensar

Gjøsund, som Kramer, har ei klar oppmoding til turglade osingar.

– Ta omsyn og tenk dykk om før de forlet bilen. Eg vil oppfordra publikum om å tenkje konsekvensar. Står eg no slik at brannvesenet kjem fram? Tenk berre om det byrjar å brenne i eit hus med to små ungar som foreldra ikkje klarer å redda ut sjølv. Då er det ingen som vil at vi skal bli forseinka på grunn av at vi ikkje kjem fram, avsluttar brannsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.