Hans Parnefält blei torsdag kveld vald til styreleiar i nyoppretta Bjørnafjorden Næringsråd (foto: Andris Hamre)

Parnefält leiar i Bjørnafjorden Næringsråd

Midt mellom Os og Fusa blei Hans Parnefält torsdag vald til styreleiar i nyoppretta Bjørnafjorden Næringsråd.

image
Av: Andris Hamre

Os og Fusa har hatt kvar sine næringsråd/-lag. Torsdag ettermiddag blei desse avvikla før eit felles næringsråd blei oppretta for den nye kommunen.

– Vi hadde ei triveleg og god stund på fjorden i går med MS Midthordaland. Først var vi kvar for oss og la ned dei respektive næringsråda, før vi samla oss og stifta Bjørnafjorden Næringsråd (BNR), fortel nyvald styreleiar Hans Parnefält.

Med seg i styret får han Bjarte Skåtun (1 år), Vigdis Øvreeide (2 år), Magne Brekke (2 år), Kåre Mongstad (2 år), Mette Fagerli (1 år) og Veronica Halhjem (2 år).

Delte ut gründerstipend

Omlag 35 personar deltok på stiftingsmøtet. Nokre av dei fekk ein ekstra hyggeleg kveld på fjorden.

– Os næringsråd har hatt eit tett og godt samarbeid med Sparebanken Vest, mellomanna til å oppretta eit fond på 200.000 kroner, kor det er to nøkkelord som går att gründerverksemd/nyskaping og omstilling.

– Som ei lita overrasking delte vi ut omlag ein fjerdedel av fondet i går kveld. Dette gjekk til gründarar på Os. Planen er at det nye næringslivsrådet skal dela ut resten av midla, kor ein fjerdedel går til grundarar i Fusa, ein fjerdedel til verksemder som skal omstilla i Fusa og ein fjerdedel til verksemder som skal omstilla i Os. Her er det berre å komma med nominasjonar eller søknader, seier Parnefält.

Dei fire som fekk stipend torsdag var Geir Bjørnsen, Jeanette Folgerø, Ole Christian Borge og Henrik Bokelund.

Vil stimulera lokalt

BNR har som hovudformål å ta vare på og utvikla næringslivet sine interesser i Os og Fusa og å vera ein representant for næringslivet ovanfor samfunnet forøvrig.

– Like viktig er å halde fram med å skapa møteplasser slik som vi har hatt, til dømes i Os med laus onsdag, frukostmøter, teamsamlinger og kurs. Det å samla folk frå ulike bransjer og verksemder er utruleg stimulerande og gir gjerne gode synergier kor folk finn saman, både som kunder og leverandører, men også i nye prosjekt. Håpet er at vi kan ta ei viktig rolle i Bjørnafjorden kommune.

– Viktig blir det også å løfta fram næringslivet og butikkene både i Os og Fusa slik at vi saman kan skape fleire arbeidsplassar slik at færre treng pendla ut av kommunen.

– Jo meir vi som osingar og fusingar bruker det lokale næringslivet, jo meir næringsliv vil det koma. Til slutt har vi alt vi treng lokalt, understrekar Parnefält.

Skal tilsetja dagleg leiar

Ei av dei første oppgåvene det nye styret vil ta fatt i er å tilsetta ein dagleg leiar for BNR.

– I utgangspunktet har vi midler til ei 50 prosent stilling, men vi har søkt om og håper vi skal få på plass ytterlegare middel slik at dette kan bli ei 100 prosent stilling.

– Det å få på plass ein god dagleg leiar er viktig for næringsrådet. Det kan gi ein heilt anna trøkk på sakene enn om berre eit frivillig styre skal jobba med sakene. Dessuten kan det vera med på å gjera det attraktivt å sitta i styret, avsluttar styreleiaren.