Pass deg for den onde Statsforvaltaren!

Er det verkeleg fanden du ser på veggen der, eller er det din eigen skugge, Tøsdal?

Lisa Nøttseter er medlem av Miljøpartiet Dei Grøne Bjørnafjorden.
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 21. apr. 2021 09:12

Den som les Øyvind Tøsdal sine lesarinnlegg den siste tida kan lett få føre seg at den onde Statsforvaltaren står klar med ein bulldosar like utanfor Øyane for å jamne staden med jorda.

Slik kan det gå når ein i over tjue år har drive vill vest utbygging i ein Frp-styrt kommune som har nekta å lytte til faglege råd og som ikkje har villa innordne seg statlege rammar.

Det er ikkje tilfeldig at arealplanene for Bjørnafjorden Vest som ein no forsøker å få på plass har late vente på seg. Oppgåva har vore nær umogeleg fordi den politiske vilja i Os har vore så veldig langt unna det som er realitetane i moderne samfunnsplanlegging.

Statsforvaltaren som i det siste framstår i lokalpressa med både horn og klover, er ikkje så ondsinna og viljesterk som ein kan få inntrykk av. Han er nettopp det tittelen seier. Forvaltaren til staten. Han er Stortinget og Regjeringa sin representant på bakken. Ikkje ein ondskapsfull kraft med ein heilt eigen og destruktiv agenda.

Heldigvis.

Forhåpentlegvis skal det bu folk i Øyane og andre stader i kommunen vår i tusenvis av år enno. Då kan ikkje kvar generasjon i aukande grad ta seg til rette på dei grøne flekkane som er att. Også fuglar, dyr og insekt skal leve i Øyane i framtida. Då må dei ha område å leve på. Det er ikkje berre menneske som skal bu her i bygda.

Dette har heldigvis Storting og Regjering langt på veg forstått og tatt konsevensene av. Difor finst det no fleire restriksjonar på kvar og korleis vi menneske kan tillata oss å ta for oss av naturen i framtida. Det er ingen som har planar om å fjerne dagens bustadområder og legge bygda øde, det er snakk om restriksjonar på framtidige utbyggingar.

Vi skal ikkje berre ha ein plass å bu, vi skal leve der óg. Vi skal kunne gå ned til sjøen å bade, ta ein tur på fjellet, gå på ski over eit jorde og sitte ute i solveggen å høyre vinden og humla suse.

Tiltak som tek omsyn til andre enn dei som er fødde i Noreg på 1960-talet er ikkje ondskap og dårskap, det er ein føresetnad for fellesskap. FN sine berekraftsmål og klimamåla er heller ikkje noko Statsforvaltaren kler seg opp i for å skremme bygdefolket. Begge desse måla svarar på reelle problem som står i fare for å øydelegge livskvaliteten til millionar av menneske no og i framtida.

Norsk arealforvaltning har gjort store og viktige framsteg dei siste åra. Det er berre slik at Bjørnafjorden, og då særleg Os, ikkje har fulgt med i timen. Sjølv om vi som nasjon beveger oss i riktig retning, så meiner vi i MDG at vi likevel ikkje går langt nok.

På landsmøtet nyleg vedtok Dei Grønei å arbeide for ei ny naturlov som vil gje naturen betre vern. Lova skal sørge for stans i nedbygging av natur, at vi reparerer natur som alt er øydelagd og at meir blir verna.

Vi er ikkje villmenn på prærien. Vi er ikkje eineveldige på jorda, uansett kor mykje papir vi har på eigedomsretten til ein stad. Menneska er ein del av naturen, og det er på høg tid å byrje å ha litt respekt for dei andre artane som lever her og dei som kjem etter oss.

Lisa Nøttseter
Medlem av Miljøpartiet Dei Grøne Bjørnafjorden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.