Lokal | 25. feb. 2019

Påstår at det var frivillig sex

Mannen som er sikta for overfallsvaldtekt i Os i 2004 blei ikkje trudd, og fekk forlenga varetekt.

Påstår at det var frivillig sex
I dette området, ei augustnatt i 2004, blei ei kvinne utsett for overfallsvaldtekt. Hausten 2018 blei ein mann kopla til saka grunna DNA-treff. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. feb. 2019 10:10

Mannen som blei pågripen i desember, og fekk forlenga varetekt frå 18. januar til 15. februar, blir sitjande fengsla i nye fire veker fram til 15. mars.

DNA tatt etter at han blei meldt for valdtekt i oktober 2018 kopla mannen til den snart 15 år gamle saka, ei augustnatt i 2004 der ei kvinne som då var 20 år blei utsett for overfallsvaldtekt ved fotgjengarovergangen over Byvegen, mellom Giskavollen og Holtbrekka.

Sikta var då i 40-åra.

Grunnvilkåret i straffeprosessloven § 172 bokstav a er mistanke om eit lovbrot som kan medføra straff av fengsel i 10 år eller meir. Skjellig grunn til mistanke er ikkje tilstrekkeleg for varetektsfengsling, men DNA-treff er kvalifisert som «andre forhold som i særlig grad styrker mistankegrunnlaget».

Sikta har etter pågriping forklart DNA-treffet med at partane hadde frivillig sex. Det festa ikkje retten lit til, blant anna fordi sikta i tidlegare forklaring ikkje har nemt fornærma blant dei han har hatt frivillig sex med.

Kan 14 år gamal sak skapa frykt?

Påtale argumenterte at «overfallsvoldtekter skaper utrygghet i lokalmiljøet» og at «overfor allmennheten vil en løslatelse av siktede nå kunne virke støtende og svekke tilliten til samfunnets rettshåndhevelse».

At det har gått 14 år sidan forholdet i siktinga blir lagt mindre vekt på, på grunn av at sikta nyleg har vore pågripen på nytt.

Sikta sin forsvarar kjempa i førre runde mot varetektsfengsling. Han sa at sedelegsaka frå oktober 2018 burde vore henlagt, at det berre er taktiske årsaker til at denne ikkje er avslutta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.