Meining | 08. sep. 2021

Pendling og ferjeprisar – Sp krev handling

Senterpartiet vil endra dagens ugunstige ordning for pendlarar.

Pendling og ferjeprisar – Sp krev handling
Varaordførar Mikal Leigland (Sp). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. sep. 2021 10:46

Pendlarfrådaga har under sitjande regjering vorte nær fjerna. Dette er distriktsfiendtleg politikk som betyr noko for kor folk skal bu.

«Fridom til å velja» blir berre eit slagord utan innhald når ein ikkje har økonomiske verkemidlar til å kunna få dekka utgifter til reise til og frå arbeid.

Senterpartiet vil endra desse ugunstige ordningane slik at vi går motsett veg, og stimulerer til utvikling og vekst på bygda.

Derfor er pendlarfrådag og ferjeprisar viktige!

Vi meiner at det verken skal vere ei økonomisk belastning å bu på bygda og til dømes arbeide inn mot bykjernen, eller ei belastning å ha ei verksemd som får arbeidskrafta si frå meir sentrale strøk.

Vi meiner at ferjer er ein del av vegen vår, og vi vil arbeida for reduserte ferjeprisar og, over tid, få aksept for at dette er ein del av vegen vår.

Innføring av autopass-systemet gjorde i tillegg at ein fekk ei nær dobling av ferjetakstane, noko som slår dårleg ut for både den vanlege bilist og for næringslivet.

I bygdene er det gjerne gunstigare bustadar, meir plass og ofte gode oppvekstvilkår.

Mange ynskjer å bu på bygdene men då må tilhøva leggast til rette for at det er mogleg å få både økonomien og dagen til å gå opp.

Senterpartiet vil at folk skal ha ein reell valfridom til å kunna bu også i bygdene, og at verksemder i Bygde-Norge skal ha betre vilkår. Vi meiner at moglegheitene til å utvikla både verksemder og lokalmiljø er truga av den distriktsfiendtleg politikken som no vert ført.

Dette viser at regjeringa ikkje er makta si verdig!

Pendlar – og ferjesaka er viktig for Senterpartiet, saman med ei rekkje andre saker som kan gje gode tenester for oss alle.

Sp tar ansvar vi er klar.

Godt val.

Mikal Leigland
Bjørnafjorden Senterparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.