Kultur | 26. jan. 2011

- Perfekt for blues

Blue Note Shuffle har notatblokka full av eigne låtar, men tar med nokre coverlåter når dei fredag speler på Peppes for første gong.

- Perfekt for blues
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. jan. 2011 08:33

Samarbeidet mellom Osøren Blues & Jazzfestival-arrangørane og Peppes Pizza på Os held fram med same suksessoppskrift som i haust.

Først ut i 2011 er dei tre osingane i Blue Note Shuffle, med ringrevane Torbjørn «Timmy» Kristiansen (bass) og Kjell Arne Haringstad (trommer) saman med den noko yngre supergitaristen Steinar Lyssand.

- Steinar er fantastisk, seier Kjell Arne om den ivrige Texas-blues-gitaristen som for halvanna år sidan lokka han med i nok eit band.

- Og vi ser veldig fram til å spela her på Peppes, lokalet er perfekt for blues, intimt og koseleg. Her får du tilbakemeldingane rett i fanget, anten dei er gode eller dårlege, ler trommespelaren.

Heldig
Steinar hadde tidlegare eit anna band, Pretty Good to Fly. Men då kameratane hans frå bandet, Terje Nymark Olsen og Vidar Vinsjansen, ikkje hadde like store ambisjonar som han sjølv, byrja han å sjå etter nye bandmedlem.

- Dei var ikkje vanskeleg å få med, Timmy og Kjell Arne?

- Nei, dei stilte opp med ein gong. Det er berre å sveiva dei opp før øving så går dei av seg sjølv. Heldigvis, eg har vore heldig som har fått meg eit band med to så flinke musikarar.

Dei to er ikkje berre flinke, dei er travle.

Kristiansen speler også i Young Collection, og kom i går rett frå øving i rockeklubben for foto på Peppes.

Haringstad stakk av midt i øving med tributebandet Sambandskameratene for å møta Midtsiden. I tillegg speler han med Camp David og 3-4 andre band.

50 eigne låter
Blue Note Shuffle har blant anna spelt på Osøren Blues & Jazzfestival og på romjulsbluesen i Fjellheim for ein liten månad sidan.

- Tidlegare spelte vi nesten berre eigne låter, no sper vi på med rundt 40 prosent av andre sitt, seier låtskrivar Lyssand.

Paladins er blant dei Blue Note Shuffle-gjengen liker godt. I fjor fekk dei sjå Paladins LIVE i Bergen. Elles liker dei å spela låter av musikarar som Stevie Ray Vaughn og Vidar Busk.

- Vi har rundt 35 eigne låter som er øvd inn og 15 som vi ikkje har sett på enno. Vi har vore i studio og spelt inn nokre av dei på ein demo, men vi må vel snart i studio igjen så vi får gjeve ut ei plate.

Førstkomande fredag kan du sjå og høyra Blue Note Shuffle på Peppes. Neste helg skal dei til Haugesund for å spela på Irish Viking.

Her kan du få ein forsmak på Blue Note Shuffle (MySpace)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.